Andreas Grimelund
Andreas Grimelund (26. januar 1812–3. januar 1896) var ein norsk gardbrukar, prest og biskop frå Aker i Akershus. Hans Hanssen Grimelund var far hans, Hans Grimelund bror hans.
Andreas Grimelund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. januar 1812 Aker kommune |
Død |
3. januar 1896 (83 år) |
Yrke | prest, politikar, teolog |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Hans Hansen Grimelund |
Andreas Grimelund på Commons |
Grimelund vart cand. theol. og var så i nokre år gardbrukar. Frå 1844 til 1852 var han prest. Perioden 1852-61 var han lærar i pastoralteologi, homiletikk og liturgikk ved det praktisk-teologiske seminar i Christiania.
Grimelund var biskop i Trondheim frå 1861 til 1883. Han var medlem av ein salmebokkomite og to salmebokkommisjonar. I 1852 gjaldt det ei revidering av Evangelisk-christelig Psalmebog.[1] Den fyrste salmebokkommisjonen, 1865, skulle vurdere eit utkast til salmebok frå Magnus Brostrup Landstad.[2] I 1868 fekk ein ny kommisjon, med same medlemene, i oppgåve å vurdere eit salmebokutkast vald ut av Andreas Hauge.[3] Elles skreiv han om praktisk teologi.
Han døydde i Kristiania i 1896. Sonen Johannes Grimelund var i samtida ein kjend kunstmålar.
Utmerkingar
endreGrimelund vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1862 og fekk kommandørkrossen av 1. klasse i 1873.[4]
Kjelder
endre- Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972
- Molland, Einar:Norges kirkehistorie i det 19. århundre, I-II. 1979
Notar
endre- ↑ Norges kirkehistorie i det 19. århundre II, s. 75
- ↑ Norges kirkehistorie i det 19. århundre II, s. 77f
- ↑ Norges kirkehistorie i det 19. århundre II, s. 84
- ↑ Arne Bugge Amundsen. «Andreas Grimelund». Norsk biografisk leksikon. Henta 7. mars 2016.