Hans Grimelund
Hans Hanssen Grimelund (30. januar 1806–5. juni 1883) var ein gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Vestre Aker i Akershus. Hans Hanssen Grimelund var far hans og Andreas Grimelund ein yngre bror.
Hans Grimelund | |||
| |||
Fødd | 30. januar 1806 | ||
---|---|---|---|
Død | 5. juni 1883 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Hans Hansen Grimelund | ||
Alle verv |
|
Han gifta seg til garden Syverud i Ås i Akershus og dreiv denne i åra 1825-40. Då kjøpte han garden Nordberg i Aker av far sin, slo seg ned og var gardbrukar der. I 1837 kom han med i det fyrste heradsstyret i Ås, frå 1841 var han medlem av heradsstyret i Aker. Han var ordførar 1859-76 og 1879-81. Elles var han styremedlem i Akers sparebank 1843-66, forlikskommissær 1849-64 og direktør i Akershus brannforsikring 1844-83.
Grimelund var stortingsmann frå Akershus amt i 1854, 1859-60 og 1865-66. Heile tida var han medlem av næringskomite nr 2. Mellom 1851 og 1876 var han fem gongar på frå 1.-4. varamannsplass til Stortinget. Han var medlem av den kongelege kommisjon om utviding av Christiania av 1852.
Han døydde på Nordberg-garden i Aker i 1883.
Kjelde
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914