Andreas Hanssen

norsk politikar

Hans Andreas Hanssen (29. april 187330. mars 1960) var ein norsk journalist/redaktør, fødd i Kråkerøy. I to åtskilde periodar representerte han ArbeiderpartietStortinget. Gjennom det meste av mellomkrigstida arbeidde han for fråhaldssaka.

Andreas Hanssen
Fødd29. april 1873
Kråkerøy
Død30. mars 1960 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Nasjonal Samling
Yrkepolitikar, redaktør, prest
Alle verv

Liv og gjerning endre

Hanssen var son til ein smed. Etter å ha fullført middelskulen i 1889 arbeidde Hanssen på kontor i Fredrikstad, Fredrikshald og Kristiania. I 1906 etablerte han avisa «Smaalenenes Socal-Demokrat» i Fredrikstad, og som han redigerte til 1909. Han flytta då til Fredrikshald, der han selde kunst og dreiv ein sigarbutikk. I tida 1910-15 var han med i bystyret, dei fyrste tre åra som varaordførar. Hausten 1912 vart han vald til stortingsmann frå einmannskrinsen Fredrikshald. I den eine perioden var han medlem av Næringskomite nr 1.

I 1916 slo Hanssen seg ned i Larvik for å redigere avisa «Nybrott». Han redigerte så 1ste Mai i Stavanger frå 1919 til han vende tilbake til Larvik i 1921, då som forretningsførar for «Folkets Dagblad», eit avistiltak grunnlagt då Nybrott og «Bratsberg-Demokraten» vart slått saman.

Hanssen fekk ein ny treårsperiode, 1992-24, på Stortinget. Han vart innvald for dei fem kjøpstadene i Vestfold fylke. På Tinget var han medlem av Næringskomite nr 2. Hanssen, som var aktiv metodist, melde seg sommaren 1923 seg ut av Arbeidarpartiet på grunn av religionspolitikken til Komintern. Han gjekk ikkje innatt i Arbeidarpartiet då partiet braut med Komintern mot slutten av 1923, ettersom han var ein «revolusjonær internasjonalist».

Åra 1927-29 redigerte Hanssen fråhaldsrørsla sitt magasin Folket. Etter å ha vore styrar for Hovelsåsen alkoholistanstalt og Ørje kurstad 1929-31, vende han tilbake til «Folket», der han var kasserar 1931-1934 og deretter redaktør på ny. Ei tid redigerte han også magasinet «Idun».

Under den tyske okkupasjonen av Noreg slutta Hanssen seg til Nasjonal Samling. Han fekk då stilling som sokneprest i Hvaler, utan å vere medlem av Den norske kyrkja. Under landssvikoppgjeret etter verdskrigen vart Hanssen i 1948 dømd for forræderi. Straffa var på eitt års fengsel og ti års tap av røysterett.

Kjelder endre