Andreas Johan Sjögren

Andreas Johan Sjögren (15. april 17946. januar 1855) var ein finsk språkforskar og etnolog som jobba med språk som livisk og ossetisk. Han laga eit alfabet for ossetisk i 1844 beståande av det kyrilliske alfabetet med ulike bokstavar for kvar lyd. Det alfabetet som blir i dag nytta er ein endra variant av Sjögren sitt alfabet.

Andreas Johan Sjögren
Anders Johan Sjögren.jpg
Fødd15. april 1794
Itis
Død6. januar 1855
St. Petersburg
NasjonalitetDet russiske imperiet, Finland
Områdefilologi, etnografi
Yrkelingvist, antropolog, oppdagar
InstitusjonarKungliga Akademien i Åbo
MedlemVitskapsakademiet i St. Petersburg
Andreas Johan Sjögren

Sjögren tok examen artium ved Borgå gymnasium i 1813 og vart filosofie doktor i 1819 og same år extraordinarie amanuens ved universitetsbiblioteket i Åbo. Dei impulsane som han fekk frå den danske språkforskaren Rasmus Rask då Rask var i Åbo 1818, hadde hos Sjögren vekt tanken om å bruke livet på finsk språkforsking. Sjögren vart ein sentral figur innanfor Åboromantikken.

Då han vart tilboden ein informatorsplats i Sankt Petersburg, drog han dit i 1820 for å kunna førebu seg til studiet av dei finske folkestammane i Russland. Avhandlinga Ueber die Finnische Sprache und ihre Literatur gjorde at han vart lagt merke til av den russiske mesenen rikskansler Nikolaj Rumjantsev, som 1823 tilsette Sjögren til privat bibliotekar. År 1824 starta Sjögren med stønad frå finske statsmidlar ei reise til dei nordaustlege delane av europeisk Russland og dessutan i Lappmarka. Under denne reisa avgrensa han seg ikkje til språkforskinga, uten òg historie, statistikk, geografi, arkeologi og til og med naturhistorie var del av undersøkingane hans.

Det materialet som han samla under den femårige reisa si vart publisert seinare i fleire arbeid, mellom anna Notat om församlingarne i Kemi-Lappmark (1828), Ueber die älteren Wohnsitze der Jemen (1831), Ueber den grammatischen bau der syrjänischen Sprache (1832), Wann und wie wurden Sawolotschje und die sawolotschen Tschuden russisch? (same år) og Ueber die finnische Bevölkerung de S:t Petersburgischen Gouvernements und ueber det Ursprungs des Namens Ingermannland (1833).

År 1829 vart Sjögren vald til adjunkt i russisk historie og antikvitetane ved vitskapsakademiet i Sankt Petersburg og 1831 til extraordinarie akademikar og dessutan vart han peikt ut til til bibliotekar for den utanlandske avdelinga av biblioteket til akademiet i 1833. Åra 1835-37 gjorde han ei reise til Kaukasus for akademiet si rekning, dels for å studera ossetane sitt språk, som var då så godt som ukjent, dels for å søkja bot for den svekte helsa si.

Fruktene av den kaukasiske reisa skreiv han ned i Ossetische Sprachlehre, nebst kurzem ossetisch-deutschen und deutsch-ossetischen Wörterbuch (1844). For dette arbeidet fekk han av Franske instituttet skaffa Volneyska-prisen, sjølv om arbeidet ikkje vart sendt inn til konkurransen. I 1844 vart Sjøgrein ordinarie akademiker for filologien og etnografien til dei finske og kaukasiske folkestammane og og dessutan vart han i 1845 direktør for akademiet sitt etnografiske museum. Ei forskingsreise til Sibir måtte han avlyse på grunn av helsetilstanden sin. I staden foreslo han Matthias Alexander Castrén, som såleis fekk høve til å dra ut på dei reisene som han seinare vart kjend for.

Sjögren gjorde likevel mindre forskingsreiser i 1846 og 1852, til det liviske folket i Livland og Kurland og dessutan til Ruhnu, der det vart snakka svenske dialektar. Han utgav eit par reisforteljingar om dette og dessutan ei avhandlinga Zur Ethnographie Livlands (1849). Det viktigaste resultatet av reisene, ein livisk grammatikk og ordbok, vart gjeve ut av Ferdinand Johann Wiedemanns i 1861.

Ut over desse arbeida utgav Sjögren mange reisebrev og andre skrift, blant dei De vita rebusque Olai Sancti, III (1838) og Ossetische Studien (1848). Dei samla arbeida hans, redigert av Anton Schiefner, utkom i to band 1861 under tittelen Joh. Andreas Sjögrens gesammelte Schriften.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra