Andreas Johannesson Lavik (18. august 185418. desember 1918) var ein norsk gardbrukar, ferdatalar og stortingsmann frå Eksingedalen i dagens Vaksdal kommune. Andres, Johannes og Dore Lavik var brørne hans.

Andreas Lavik
Fødd18. august 1854
Død18. desember 1918
Statsborgar avNoreg
PartiModerate Venstre
Yrkepolitikar

Lavik gjekk i yngre på folkehøgskule. Åra 1878-85 arbeidde han som indremisjonær i Bergen. Deretter var han gardbrukar i Kvinnherad fram til 1899. Under opphaldet i Kvinnherad var han ordførar 1886-94, og forlikskommissær. I 1899 flytta Lavik til Bergen og var sidan sekretær for Vestlandske Indremisjon og redaktør av medlemsorganet Sambåndet.

Lavik var 3. representant frå Søndre BergenhusStortinget 1889-91, vald for Moderate Venstre. Han var medlem av tollkomiteen. Nesten heile 1890-sesjonen var han permittert grunna sjukdom. I 1908 vart han medlem av kyrkjekommisjonen.

Han døydde i Bergen.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914