Andreas Olai Schei (7. oktober 190225. desember 1989) var ein norsk jurist, høgsterettsdommar og den første sivilombodsmannen i Noreg frå 1962 til 30. juni 1974.

Andreas Schei

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1902
Førde
Død

25. desember 1989 (87 år)
Bærum kommune

Yrke dommar
Verv Sivilombodsmann
Periode 1962-1974

Schei var fødd i Førde. Han vart cand.jur. i 1926, og var dommarfullmektig frå 1926 to 1929 og tilsett i Justisdepartementet frå 1929 til 1939. Frå 1939 arbeidde han i Forsyningsdepartementet, og frå 1941 til 1942 var han ekspedisjonssjef i Handelsdepartementet. Han var deretter tre år i Norsk Brændselolje, og frå 1945 ekspedisjonssjef i Justisdepartementet.

I 1946 vart han utnemnd til høgsterettsdommar. Frå 1962 til 1974 var han den første Sivilombodsmannen i Noreg. Han hadde mange verv i offentlege styre og komitear.

Han blei tildelt Storkors av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden i 1972.

Scehi døydde i Bærum. Han var far til høgsterettsjustitiarius Tore Schei og bror til tidlegare fylkesmann Nikolai Andreas Schei.