Andres G. Sundbø

Andres Gregarsson Sundbø (16. desember 188014. januar 1962) var ein lærar og gardbrukar frå Flåbygda i Lunde herad i Telemark. Han representerte BondepartietStortinget perioden 1937-45, etter å ha vore vararepresentant den forrige treårsbolken.

Sundbø tok lærareksamen på Notodden i 1900 og var derette lærar heime i Lunde fram til 1921. Samstundes var han 1903-13 også heradskasserar. I 1912 tok han over farsgarden Sundbø og dreiv denne i fleire tiår.

Gjennom dei 28 åra 1910-37 hadde Sundbø plass i heradsstyret i Lunde. Han var ordførar 1926-34, alle desse ni åra hadde han sete i fylkesutvalet i Telemark. Sundbø var med å stifta Flaabygd Sparebank og han var styremedlem i Skien-Telemarkens Dampskibsaktieselskap og frå 1934 i Bandak-Nordsjøkanalen. Elles var han ei tid med i landsstyret i Bondepartiet og i Norges Bondelag. Han var òg ein flittig avisskribent.

Valperioden 1934-36 var Sundbø varamann til Stortinget, møtte då nokre veker våren og sommaren 1936. Perioden 1937-45 hadde han fast sete i Stortinget frå Telemark og for Bondepartiet. På Tinget var han medlem i Administrasjonskomiteen.

Kjelder endre