Andria er ein by i provinsen Bari i regionen Puglia i Italia med om lag 95 000 innbyggjarar.Han er eit jordbruks- og servicesenter i området med vin, oliven og mandel som viktige produkt. Han er den fjerde største byen i Puglia etter Bari, Taranto og Foggia og den nest største byen i provinsen Bari. Frå 2009 vil derimot byen verte den største kommunen i den nye provinsen Barletta-Andria-Trani.

Andria
by
Land  Italia
Region Puglia
Provins Bari
Areal 402,89 km²
Folketal 97 146  (1. januar 2023)
Postnummer 70031
Retningsnummer 0883
Kart
Andria
41°13′54″N 16°18′30″E / 41.231666666667°N 16.308333333333°E / 41.231666666667; 16.308333333333
Wikimedia Commons: Andria

History

endre

I 915 vart Andria nemnd som ein casale («husstand») som var underlagt Trani. Han fekk bystatus rundt 1046 då den normanniske grev Peter bygde festningsverk i området.

På 1300-talet, under angevinane, vart Andria sete i eit hertugdøme. I 1350 vart han omleira av tyske og lombardiske leigesoldatar i den ungarske hæren, og i 1370 av troppane til dronning Johanna I av Napoli. I 1431 var Francesco II Del Balzo herre. Han skal ha funne leivningane etter den heilage Rikard, den noverande vernehelgenen, og oppretta Andria-marknaden (23-30. april). I 1487 kom byen inn under Aragon og hertugdømet gjekk til den framtidige kongen Fredrik IV av Napoli. Seinare (1552) vart han seld til Fabrizio Carafa av spanjonale for 100 000 dukatar.

Carafa-familien styrte byen til 1799, då franske troppar under Napoleon erobra han etter ei lang omleiring. Etter Bourbon tok byen tilbake og seinare vart byen ein forkjempar for Risorgimento og samlinga av Italia.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Andria