Anne Persdotter Flugstad (f. 1966 )[1] er ein norsk skodespelar, artist og musikar frå Ottestad i Stange kommune.[2]

Anne Flugstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1966 (58 år)
Yrke skodespelar

Verksemd endre

Anne Flugstad er utdanna adjunkt, men har vidareutdanning innan forteljarkunst. Ho har i mange år vore aktiv med både song, teater, forteljing, deklamering, dans og fløytespel,[2] og har levd av underhaldning og kulturformidling sidan 1999.[3] Ho har vore med på fleire plateinnspelingar med både religiøst og ikkjereligiøst innhald, bla plata Fulanimesse med Det Norske Misjonsselskap i 2005.[4] Plata hadde musikk frå Fulani-folket i Mali. I juni 2009 hadde ho konsertturné med norske og afrikanske songarar, som enda opp med stor konsert i Oslo konserthus.

Flugstad har reist mykje innanfor Den kulturelle skolesekken og Den kulturelle spaserstokken og er aktiv i Tidsbroen , arbeid for 10 - 12-åringar i Den norske kyrkja i Hamar bispedøme. I 2010 laga ho konsertforestillinga Perler på en snor, som handla om Margrethe Munthe, og ho framførte dette under Festspela i Elverum i august 2011. Ho har også samarbeidd og hatt konsertar med pianisten Yngve Espedal.[5], samt hatt konsertprogram om Alf Prøysen.[3] Flugstad har også delteke på Fortellerfestivalen i Oslo.[6]

Utmerkingar endre

Fotnotar endre