Anne Grethe Erlandsen

norsk politikar

Anne Grethe Erlandsen (fødd 8. oktober 1956)[1] er ein norsk oversjukepleiar, helseadministrator, direktør og politikar for Høgre. 16. oktober 2013 vart ho utnemnd til statssekretær for helse- og omsorgsminister Bent Høie.[2][3][4][5]

Anne Grethe Erlandsen
Informal meeting of health ministers (iEPSCO). Arrivals A72A0287 (35234717333) (cropped).jpg
Fødd8. oktober 1956 (64 år)
Stange
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, sjukepleiar, offentleg tenestemann
Utdanna vedØstfold sykepleierskole
høgskolen i Østfold
FarChristian Erlandsen

UtdanningEndra

Anne Grethe Erlandsen tok sjukepleiarutdanning ved Østfold sykepleierskole som ho vart uteksaminert frå i 1979.[5] Ho tok seinare vidareutdanning innan helseadministrasjon ved Høgskolen i Østfold 1984 og prosjektleiarutdannelse same stad 2005.[5]

KarriereEndra

Anne Grethe Erlandsen arbeida først som sjukepleiar ved Sentralsykehuset for Østfold og Innherred sykehus i perioden 1979 til 1980.[5] Frå 1980 til 1982 underviste ho i sjukepleie ved Østfold sykepleierskole.[5] Deretter var ho sjukepleiar og avdelingssjukepleiar ved Sarpsborg sykehus fremj til 1984.[5] Frå 1984 til 1989 var ho Østfolds fylkesleiar av Norsk Sykepleierforbund.[5] Deretter var ho oversjukepleiar og klinikkoversjukepleiar ved Sarpsborg sykehus/Østfold sentralsykehus frem til 1997.[5]

Erlandsen vart i 1997 Helse og sosialsjef i Trøgstad kommune, ei stilling ho hadde fram til 1999, då ho tok over som Personal– og organisasjonssjef i Sarpsborg kommune.[5] Frå 2000 var ho Kommunesjef helse og sosial i same kommune, ei stilling ho hadde fremj til 2004.[5] I 2004 vart ho prosjektleiar for samhandling mellom Sykehuset Østfold og kommunane i Østfold.[5]

Anne Grethe Erlandsen har sidan 2006 vore direktør for kommunikasjon og samhandling ved Sykehuset Østfold, ei stilling ho vart løyvd permisjon frå då ho vart utnemnd til statssekretær.[5][2][3][4]

Politiske vervEndra

Anne Grethe Erlandsen var medlem av Sarpsborg bystyre og formannskap i perioden 1992–1999.[5]

KjelderEndra

  1. «En kontrollfrik fyller 50». Sarpsborg Arbeiderblad. 7. oktober 2006. Henta 30. november 2013. 
  2. 2,0 2,1 «Anne Grethe Erlandsen blir statssekretær». NRK Østfold. 16. oktober 2013. Henta 30. november 2013. 
  3. 3,0 3,1 «Anne Grethe Erlandsen ny statssekretær». Fredriksstad Blad. 16. oktober 2013. Henta 30. november 2013. 
  4. 4,0 4,1 «Anne Grethe Erlandsen ny statssekretær». Sykehuset Østfold. 16. oktober 2013. Henta 30. november 2013. 
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 «Statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H)». Helse- og omsorgsdepartementet. Henta 30. november 2013.