Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for helsepolitikk, folkehelse, alkohol- og narkotikapolitikk, helsetenester og helselovgjeving i Noreg. Departementet skal syte for at folket får gode og likeverdige helsetenester, uavhengig av bustad og økonomi, og bidra til å fremme god folkehelse.
![]() | |
Type | Departement |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Skipa | 1. oktober 2004[1] |
Statsråd | Ingvild Kjerkol (Ap) |
Hovudkontor | Regjeringskvartalet, R6, Teatergata 9, Oslo |
Tilsette | 215 (2014)[2] |
Nettside | [1] |
Helsedepartementet har sju avdelingar:
- Folkehelseavdelinga
- Spesialisthelsetenesteavdelinga
- Eigaravdelinga
- Helserettsavdelinga
- Kommunetenesteavdelinga
- Administrasjonsavdelinga
- Budsjett- og økonomiavdelinga
Politisk leiingEndra
Ingvild Kjerkol (Ap) er frå 2021 statsråd og leiar for Helse- og omsorgsdepartementet. Kjerkol tok over etter Bent Høie (H). Statsråden for Helse- og omsorgsdepartementet vert bistått av statssekretærar og politisk rådgjevar.