Anne Vada

norsk songar
(Omdirigert frå Anne Kari Hårnes)

Anne Kari Hårnes Vada (fødd 25. april 1965) er ein prisløna norsk songar og musikar frå Steinkjer. Artistnamnet hennar er Anne Vada.

Anne Vada
Fødd25. april 1965 (58 år)
FødestadSteinkjer kommune
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar
PrisarSpellemannprisen for årets barneplate

Biografi endre

Anne Vada har teke eitt års utdanning ved Barratt Dues Musikkinstitutt og fire år ved Norges Musikkhøgskole. I 1988 og 1990 var ho med som solist på 2 plater av koret Grex Vocalis. Frå og med 1990 har ho vore frilansar som musikar. I 1992 bidrog ho på filmmusikk av Ragnar Bjerkrheim. Året etter song ho på barneplata Våre beste barnesanger 2 saman med Bukkene Bruse, Geirr Lystrup og Kirsten Bråten Berg. Plata vann Spellemannprisen 1993 i kategorien for barneplater. Frå 1993 til 1995 song ho på plater av m.a. Erik Bye, Iver Kleive og Sigmund Groven. Groven og Vada har samarbeidd på mange plater i seinare tid også.

Som soloartist debuterte Anne Vada med Øy i livetKirkelig kulturverksted i 1995. Her syng ho viseballadar på trøndersk dialekt. Nokre av songane er skrivne av henne sjølv, resten av Iver Kleive og Erik Hillestad. I 1997 kom oppfylgjaren Solrenning. Denne plata er spelt inn live i Vålerenga kyrkje av Vada og den japanske musikaren Aki Fukakusa, samt gitaristen Ronni Le Tekrø.

I 2000 kom plata Vada ut på Grappa musikkforlag. Her samarbeider ho med Ronni Le Tekrø, Åge Aleksandersen, Svein Gundersen og Kjetil Bjerkestrand, men alle tekstane er sjølvskrivne. Same året gav ho ut live-albumet Grensløs, på eige platemerke. I 2007 spelte ho inn joleplata Sacral jul på plateselskapet Lynor. Den så langt siste plata hennar heiter Det evige sekund og kom ut i 2009.

Kjelder endre