Anne Ludvigsen Kaldestad

Anne Ludvigsen Kaldestad (f. 1962 ) er ein norsk lærar og kyrkjelydspedagog som vann Bibelprisen for 2006.

Anne Ludvigsen Kaldestad
Fødd 1962 (62 år)

Anne Ludvigsen Kaldestad har jobba som kyrkjelydspedagog i Fjell kommuneSotra utanfor Bergen. Ho fekk Bibelprisen for arbeidet sitt med eit bibelkunnskapsopplegg for born som fekk tittelen «Vandring gjennom Bibelen for barn». Opplegget blei til med inspirasjon frå eit liknande pedagogisk opplegg i England, og baserer seg på rørsle og leik. Det har vorte utvikla kurs med dette som i 2006 hadde vorte vist fram over 1300 gonger, med over 23. 000 deltakarar på landsbasis. «Vandring gjennom Bibelen for barn» har også vorte tilrettelagt for RLE-faget i 5. klasse på grunnskulen.

Bibelprisen vart gjeven henne i 2006 for hennar arbeid med å formidla bibelkunnskap og bibelglede til born.[1] Anne Ludvigsen Kaldestad har også vore med i trusopplæringsprosjektet Gudsrikeleiken i Bjørgvin bispedøme.[2]

I august 2011 slutta Anne Ludvigsen Kaldestad i jobben sin i Fjell og gjekk saman med ektemannen inn i ny jobb i den norske sjømannskyrkjaLanzarote.[3]

Kjelder endre

Fotnotar endre