Anne Margarethe Brodal
Anne Margarethe Brodal (5. juli 1914–28. desember 1999) var ein norsk salmediktar, journalist og forfattar.
Anne Margarethe Brodal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. juli 1914 |
Død |
28. desember 1999 (85 år) |
Yrke | skribent, lyrikar |
Brodal jobba som sekretær i Det Norske Bibelselskap og ho var òg sekretær for Liturgikommisjonen som var verksam frå 1965 til 1974. Ho var både sekretær for og medlem av Salmebokkomiteen. Brodal er representert med ei rekkje songar i Speidersangboka og Treklang, og dessutan med to eigne tekster og ni omsette tekster i Norsk Salmebok og ei omsett tekst i Salmer 1997 i tillegg til sju omsetjingar og ei eiga tekst i Norsk salmebok 2013. Ho har òg gjeve ut diktsamlinga Vi hører sammen, og skrive boka Med KFUK gjennom 100 år.[1]
Ho var òg kjend under namnet «Pus Brodal». Ho var syster av Jon og Alf Brodal.
Diskografi
endre- Rune Larsen: Barnegospel (1974)
- Lyderhorn: Speiderplaten (1978)
- Snowflake Records: Speider – Si det med toner (1978)
- Adventsangerne: Jubilate deo (1991)
- Lynordan-Koret: Mere end ord (1993)
- Barnekoret Levende lys & Eli Kristine Smebye: Hosianna! Påskesanger for små og store (1994)
- Indre Mission: Han er min sang (1994)
- Einar, Arvid & Morten Nymoen: Lovsanger fra bedehusland (1995)
- Vivi Chronholm: Gospelsymfonikerne (1995)
- Kenneth Vennerød: Jeg vet en deilig have (1998)
- SKRUK: SKRUK på nytt (2002)
- Bjarne Brøndbo: Salmer på ville veier (2002)
- Mannskoret Herrer, Solo Cissokho & Terje Baugerød: Fulanimesse (2005)
- Warner Music: Tikkutäkki 3 (2007)
- Lynor: Rop det ut med hjertets jubel (2009)
- 3G: Hele året (2010)
- Impuls: Sult (2010)
- Torkel Selin & Karl-Erik Svensson: Du är ljus och jag är din (2013)
- Tidløs: Ren og rettferdig (2016)
Kjelder
endre- ↑ «Med KFUK gjennom 100 år - Nasjonalbiblioteket». Henta 10. mars 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Anne Margarethe Brodal» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2021.
Litteratur
endre- Anne Kristin Aasmundtveit, Biografisk leksikon til Norsk Salmebok og Norsk Koralbok, Verbum forlag, Oslo, 1995. ISBN 82-543-0573-0. Side 133.