Rune Larsen (fødd 8. august 1948) er ein norsk musikar, NRK-programleiar, journalist, forfattar og musikkprodusent frå Bergen. I dag har Rune Larsen eit samla platesal på over 700.000 eksemplar.

Rune Larsen

Fødd8. august 1948 (75 år)
FødestadBergen
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somjournalist, songar, skribent, musikkprodusent, komponist, programleiar, plateartist
BornTonje Tornes, Line Larsen, Kim Larsen
PrisarBjellesauprisen, Petter Dass-prisen

Biografi endre

Karrierestart endre

Rune Larsen voks opp i eit arbeidarstrøk under Fløyfjellet i Bergen. Allereie som liten tente Larsen småpengar på å syngja for naboar og kjende i nærområdet. Faren var boksar, noko som gjorde at unge Rune også utvikla interesse for sporten.

I mai 1957 debuterte Larsen på scena i rolla som politimeister Bastian frå Kardemomme by av Thorbjørn Egner. Han vart med i bandet The White Shirts i 1960, og to år seinare deltok han i ei talenttevling saman med sitt andre band, Black Diamonds. Her vart han oppdaga og tilbudt platekontrakt som soloartist, men han takka nei.

Larsen debuterte på fjernsyn i 1964 ungdomsprogrammet Pop-Korn, og vart kort tid etter tilbudt plateinnspeling med Philips. Hans første plateinnspilling vart singlen «Y'Arriva»/«Cinderella» som kom ut i samarbeid med gruppa Teen Beats i oktober same året. Larsen fekk gjennombrotet sitt som vokalist i gruppa The Stringers med Helge Nilsen. Gruppa hadde stor suksess på vestlandet i 1960-åra, og Helge & Rune vart eit omgrep for Larsen og Nilsen.

1970-talet endre

I 1967 vart Larsen journalist i Bergens Arbeiderblad, og rundt 1968 vart han med i KFUM i Bergen. Året etter vart han ein vedkjennande kristen, og oppteken av den sosialetiske sida ved kristendommen. Han gjekk bort ifrå pop-musikken og vart leiar for ungdomskoret Gospel i Bergen i 1969. Med dette koret laga han to LP-ar: Jeg vil tro (1970) og Syng en gledens sang (1972). I 1970 var Larsen for fyrste gong programleiar på NRK i programmet Gospel synger gospels. I 1969 gifte Larsen seg også med Edle Tornes. Paret fekk tre born: Kim, Line og Tonje.

I 1972 vart Larsen også med i kvartetten Frisk Luft saman med Arnold Børud, Ivar Skippervold og Kjell Fjalsett. Frisk Luft gav også ut to LP-ar på syttitalet: Gospel Live (1973) og Frisk Luft 2 (1975). Kvartetten opptrådte også på NRK i programmet Gospelkveld, der Larsen var programleiar. Frå 1974 til 1978 var Larsen sekretær for KFUM, fyrst i Trondheim, så i Bergen. Under tida i Trondheim rakk han å skipa landets fyrste barnegospelkor. I Bergen arbeidde han mykje med fornyinga av Ten-Sing-rørsla. Han laga også albumet Tilbake til en ny tid (1976), der han hylla dei politiske ideala frå 1960-talet.

Midt på 70-talet blei Larsen oppfordra til å laga ein norsk variant av den svenske TV-suksessen Hela kyrkan sjunger. Larsen utforma difor programserien Hele menigheten synger, noko som hadde stor framgang både på TV og på plate. Den fyrste LP-en med songar frå serien selde 60.000 eksemplar, og ein oppfylgjar med jolesongar selde 38.000. Dette var svært høgt for kristne plater på den tida.

Gjennom heile 1970-talet var Rune Larsen den mest selde kristne musikkartisten i Noreg. I 1978 vendte han så tilbake til journalistyrket, denne gongen i avisa Bergens Tidende. Saman med Trygve Thue laga han Speiderplaten i 1978, og året etter vart han sameint med Helge Nilsen att på albumet Barn av samme jord. Dette var ei veldedig plate som Bergens Tidende gav ut til inntekt for UNICEF.

1980-talet endre

I 1981 gjekk Rune Larsen og kona frå jobbane sine for å starta opp plateselskapet Noah. I denne tida gav Larsen også ut plater med borna sine, og han gav ut nye album med Helge Nilsen utover åttitalet.

Hausten 1983 vart Larsen introdusert for Sissel Kyrkjebø gjennom Nils Abrahamsen i NRK. Abrahamsen var programleiar for den populære fjernsynsserien Syng med oss, og saman med Larsen utforma han innhaldet på ei plateutgjeving basert på nokre av songane i serien. Plata Syng med oss vart ein salgssuksess, og var samtidig starten på Kyrkjebø sin karriere. Dei tre fyrste platene hennar vart alle utgjevne på plateselskapet Noah. Då den eine, Glade jul, sette norsk rekord med 500 000 selde eksemplar, tok pressa til å omtala Larsen som Kong Midas. Gjennom plateselskapet oppdaga Larsen Karoline Krüger i 1984. Ho starta også karrieren sin i Larsen sitt selskap. Den noko negative omtalen bidrog til at Larsen trappa ned plateselskapet, overlét jobben sin til andre, og tok til med å planleggja eit nytt fjernsynsprogram.

Fjernsynsseriar endre

Våren 1989 skipa han ein av tidenes norske TV-suksessar: Lollipop, eit fjernsynsprogram som mimra over musikken frå 50- og 60-talet. Larsen samarbeidde her mykje med Trygve Thue og Tor Endresen. Sistnemnde fekk sitt gjennombrot som artist gjennom programmet. Andre artistar som deltok var Helge Nilsen og Karoline Krüger. Etter braksuksessen med Lollipop vart Rune Larsen programleiar for ei rekkje ofte musikalske fjernsynsseriar utover på 90-talet, t.d. Scala, Casablanca, Noteknekk med Ingrid Bjørnov som pianist og Larsen spesial. I byrjinga av 1990-åra var han også programleiar for sendingane frå Momarkedet.

2000-talet endre

Hans fyrste fjernsynsserie på 2000-talet vart Absolutt norsk, der han presenterte norsk musikk saman med Jan Eggum. Han fekk Bjellesauprisen i 2001 for sin innsats for norsk musikk med Absolutt norsk. Ifylgje nettsida hans har Larsen dei siste åra han hatt stor framgang som føredragshaldar om verbal og nonverbal kommunikasjon, og har reist ti gonger med joleturnéen Stille natt, hellige natt i samarbeid med andre kjende artistar. I 2011 er han med som deltakar i TV 2-programmet Skal vi danse.

Ymse endre

Larsen har delteke to gonger i Melodi Grand Prix. I 1977 deltok han med songen «Robåt rock». Her enda han på andreplass, berre slått av Anita Skorgan med «Casanova». I 1993 deltok han på nytt, denne gongen saman med Helge Nilsen. Songen deira, «Det skulle vært sommer», enda på sjuandeplass.

Rune Larsen har gjeve ut to bøker, Steg for steg (1984) på Gyldendal og Troende til alt (1996) på Lunde Forlag.

Diskografi endre

  • Barnegospel (Polydor, 1975)
  • Ikke bare gospel (LU-MI, 1975)
  • Han er min sang og min glede (LU-MI, 1976)
  • Tilbake til en ny tid (Arctic, 1976)
  • Hele menigheten synger julen inn (LU-MI, 1977)
  • Hele menigheten synger lovsanger (LU-MI, 1978)
  • Speiderplaten (1978)
  • Barn av samme jord (BT, 1979) m/Helge Nilsen
  • Familiealbum (LU-MI, 1979)
  • Sweet Mints (Snowflake, 1981) m/Helge Nilsen
  • Guds kjærlighet (Noah, 1981)
  • Steg for steg sammen med sine barn Line og Kim Larsen (Noah, 1982)
  • Den himmelske lovsang (Noah, 1983)
  • Lykkelige år (Noah, 1984) m/Helge Nilsen og Rolf Skogstrand
  • Nå tennes tusen julelys (Noah, 1984)
  • Fra spøk til alvor (Noah, 1984)
  • Flammen (Noah, 1985)
  • Lollipop (med Tor Endresen, 1989)
  • Lollipop 2 (med Tor Endresen og The Lollipops, 1990)
  • Lollipop Jukebox (med Tor Endresen, Karoline Krüger, Carola Häggkvist og The Lollipops, 1991)
  • Julegleder ( EP, Noah, 1992)
  • Røtter (CNR, 1993)
  • 20 barnesanger (CNR, 1993) samleplate
  • Det beste fra Lollipop (samleplate, 1995)
  • Nære ting (CNR, 1997) m/Tor Endresen
  • Min sang og min glede (Scana, 2 CD, 2005)
  • Gyldne år (2008)
  • Lollipop - 50 beste (samleplate, 2009)

Kjelder endre