Anne Vik
Anne Petrea Vik (fødd 8. januar 1933) er ein norsk politikar for Senterpartiet fødd i Trondenes. Vik var statsråd og sjef for Landbruksdepartementet i Jan P. Syse si regjering frå 16. oktober 1989 til 3. november 1990.
Anne Vik | |||
Fødd | 8. januar 1933 (91 år) Trondenes kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Anne Vik har hatt ei lang rekkje tillitsverv som politikar i Kvæfjord kommune og i Troms fylke. Ho har vidare hatt verv i organisasjonar, mellom anna som leiar for Norges Bondekvinnelag og medlem av styret i Norges Bondelag, og i Senterpartiet sitt sentralstyre.
Etter realskule fekk Anne Vik arbeid i Televerket frå 1951 til 1955. Då gifta ho seg og blei husmor og gardbrukar i Kvæfjord. Frå 1970-talet engasjerte ho seg i politikk. Ho var medlem av Kvæfjord kommunestyre frå 1971 til 1975. Ho var også nestleiar i skulestyret frå 1971 til 1975, i perioden etter var ho leiar. Ho var varaordførar i Kvæfjord 1995 til 1999.
Frå 1979 til 1987 var ho medlem av fylkestinget i Troms, frå 1987 til 1995 av fylkesutvalet. Som fylkespolitikar hadde ho ei lang rad fylkeskommunale verv, og hadde også mange offentlege nasjonale verv. Nokre av desse:
- Leiar for Senterpartiet si gruppe i Troms fylkesting 1987-1995
- Medlem av Norges Landbruksvitenskapelige forskningsråd 1977-1985,
- Medlem av Rådet for økonomi og samfunnsforskning 1977-1985
- Medlem Statens ernæringsråd 1991-1995
- Medlem Landsdelsutvalget for Nord-Norge 1991-1995
- Medlem Statens Fiskarbank sitt avdelingsstyre i Tromsø 1992-1997
- Medlem Styret for Høgskolen i Harstad 1994-1997
Verv i organisasjonar
endreI tillegg hadde ho mange verv i organisasjonar:
- Medlem Styret i Troms Bondekvinnelag 1965-1973
- Medlem Styret i Norges Bondekvinnelag 1973-1976, nestleiar 1976-1979, leiar 1979-1984
- Medlem Styret i Norges Bondelag 1979-1984
- Medlem Representantskapen i Det Kgl. Selskap for Norges Vel 1979-1981, varaordførar 1981-1987, ordførar 1987-1997
- Medlem Senterpartiet sitt sentralstyre 1979-1983