Opna hovudmenyen

Anouar Brahem

tunisisk komponist

Anouar Brahem[1] (fødd 20. oktober 1957) er ein tunisisk musikar og komponist. Han spelar den nord-afrikansken lutten oud og er ein nyskapar på instrumentet. Musikken hans har elementar frå klassisk arabisk musikk, folkemusikk og jazz. Utanfor heimlandet er han særleg kjend i jazz-krinsar. I Tunisia blei han kjend på slutten av 1980-talet.

Anouar Brahem
Anouar Brahem (01).JPG
Fødd 20. oktober 1957
Tunis
Yrke komponist, oud player
Anouar Brahem på Commons

Brahem byrja å studera oud då han var ti, hjå Ali Sitri på det nasjonale musikk-konservatoriet i Tunis. Etter seks år i Paris byrja han som leiar av Ensemble Musical De Ville De Tunis i 1987. I 1991 kom den fyrste plata hans ut på det tyske jazz-merket ECM.

Spelestilen hans blir ofte samanlikna med Rabih Abou-Khalil sjølv om komposisjonane er både opne og mjuke. Oftast nyttar han ei gruppe på tre eller fire musikarar, og endrar alltid samansettinga frå plate til plate. Ein gjennomgåande medmusikar er den tyrkiske perkusjonisten Lassad Hosni. Jan Garbarek var med på plata Madar, Jon ChristensenKhomsa.

DiskografiEndra

  • 1991, Barzakh (ECM 1432)
  • 1992, Conte de l'incroyable amour (ECM 1457)
  • 1994, Madar (ECM 1515)
  • 1995, Khomsa (ECM 1561)
  • 1998, Thimar (ECM 1641)
  • 2000, Astrakan Café (ECM 1718)
  • 2002, Le Pas du Chat Noir (ECM 1792)
  • 2002, Charmediterranéen (ECM 1828)
  • 2006, Voyage de Sahar
  • 2009, The Astounding Eyes of Rita (ECM 2075)
  • 2014, Souvenance (ECM 2423/24)
  • 2017, Blue Maqams (ECM 2580)

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. arabisk أنور ابراهم