Anthony Pleeth
Anthony Pleeth (fødd i 1948) er ein engelsk cellist, som har spesialisert seg på historiske framføringar av musikk frå 1700- og 1800-talet på periodeinstrument.[1]
Anthony Pleeth | |||
Fødd | 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | cello | ||
Verka som | musikkpedagog |
Han spelte den første innspelinga si for BBC då han var 13 år gammal. Han var med å skipe The Galliard Trio (med Trevor Pinnock, cembalo og Stephen Preston, fløyte), som han spelte med frå 1965 til dei vart oppløyst i 1972.
Han var fremste cellist i The Academy of Ancient Music og seinare The English Concert, men slutta i 1985. Han var framleis medlem av English Concert Chamber Group fram til 1991.
Han vart professor i cello ved Guildhall School of Music & Drama i 1969 og ved Royal College of Music i 1986.
Pleeth har òg spelt mykje filmmusikk, som We Were Soldiers av Nick Glennie-Smith, Gladiator av Hans Zimmer og Lisa Gerrard og Tron: Legacy av Daft Punk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anthony Pleeth» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Cummings, Robert. «Biography: Anthony Pleeth». Allmusic. Henta 25. juli 2021.