Antoinette Deshoulières

fransk poet

Antoinette Deshoulières (døypt 2. januar 1638 som Antoinette Du Ligier de la Garde, død 17. februar 1694) var ein fransk diktar.

Antoinette Deshoulières

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1637 eller 1638
Paris
Død

17. februar 1694
Paris

Yrke lyrikar, skribent, filosof
Språk fransk
Medlem av Académie d'Arles, Galileiana Academy of Arts and Science
Born Antoinette-Thèrèse Deshoulières
Antoinette Deshoulières på Commons

Antoinette Deshoulières var fødd i desember 1637 eller januar 1638. Ho gifta seg som ung med ein tilhengar av prinsen av Condé. Under namnet Amaryllis skreiv ho ode, epistlar, madrigalar og idyllar som skildra det landlege, enkle og uskuldige livet. Deshoulières skreiv òg dramatiske verk, opptredde med ein satirisk sonett i kampen mot Phèdre av Jean Racine, blei satirert av Nicolas Boileau men hylla av andre som «den tiande musa» eller «den franske Kalliope». Ho heldt lenge på populariteten sin, og Voltaire lovprsa henne, medan Fredrik den store gav ut utvalde dikt av henne.

Deshoulières Oeuvres (2 band, 1749) inneheld òg dikt av dottera Antoinette Thèrèse Deshoulières (1662-1718), som heldt fram i fotspora til mora.

Kjelder endre