Antoinette Nana Djimou

Antoinette Nana Djimou Ida (fødd 2. august 1985) er ein kamerunsk-fransk friidrettsutøvar frå Douala i Kamerun. Ho vann sjukampen i europameisterskapane 2012 og 2014.

Antoinette Nana Djimou


Statsborgarskap Frankrike, Kamerun
Fødd 2. august 1985 (38 år)
Douala
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016

Djimou med EM-gullet 2014

Djimou flytta til Frankrike tidleg i ungdomsåra. Ho byrja då med friidrett, men det var fyrst i 2009 ho vart lagt merke til. Etter at ho vart nummer tre i femkampen under innandørs-EM, kom ho same året på sjuandeplass i Berlin-VM med 6323 poeng.

I 2011 vann ho femkampen i innandørs-EM i Paris, og vart som i førre VM nummer sju i sjukampen. Under sommarleikane i London i 2012 gjorde ho sin aller beste sjukamp, men 6 576 heldt likevel ikkje til meir enn ein sjetteplass.

Våren 2013 forsvarte Djimou EM-tittelen i femkamp innandørs, og sommaren 2014 gjorde ho ein liknande prestasjonen då ho vann sjukampen under europameisterskapen i Zürich. Ho lukkast ikkje ta sitt tredje rake EM-gull i sjukamp under Amsterdam-EM i 2016, men 6 426 poeng gav henne ein sølvmedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre