Anton Harris

norsk politikar

Anton Theodor Harris (5. juli 18047. mars 1866) var ein norsk embetsmann frå Larvik, stortingsmann 1848 og 1851.

Anton Harris
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1804
Død

6. mars 1866 (61 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Far til Harris var skipper. Sjølv vart han student frå katedralskulen i Christiania i 1822 og utdanna cand.jur. i 1829. Dei neste åra fungerte han fyrst som sorenskrivar og deretter som protokollsekretær i Høgsteretten. Frå 1836 var han byråsjef i Kyrkjedepartementet, perioden 1839-44 var han stiftsoverrettsprokurator i Christiania. Sidan var han stiftamtmann i Tromsø stift og amtmann i Finmarken 1844-53 og amtmann i Stavanger 1853-63. Siste leveåra var han sorenskrivar i Nordre Jarlsberg, busett i Sande i Vestfold.

Harris representerte Tromsøstortinget 1848 og Tromsø og Hammerfest på stortinget 1851. I 1848 var han medlem i Næringskomite nr 1, i 1851 i Konstitusjonskomiteen og Arbeidarkomiteen. Allereie i 1837 var han med i ein kongeleg kommisjon om bergverkslova.

Kjelder endre