Antony Gormley (fødd 30. august 1950 i London) er ein engelsk kunstnar.

Antony Gormley

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 30. august 1950 (74 år)
London
Yrke bilethoggar, scenograf, fotograf, teiknar, installasjonskunstnar, kunstnar
Språk engelsk
Medlem av Royal Academy of Arts
Ektefelle Vicken Parsons
Nettstad http://www.antonygormley.com
Antony Gormley på Commons
Del av kunstverket Another Place

Gormley studerte ved Ampleforth College og Trinity College i Cambridge fram til 1971, då han drog til India og Sri Lanka for å studera buddhismen. Tilbake i England i 1974 fullførte han studia sine ved ulike institusjonar i London.

Kunstnaren tek som oftast utgangspunkt i menneskekroppen, gjerne sin eigen, som han omformar til skulpturar ved hjelp av metallformer. Verka hans er i regelen reinska for individuelle kjenneteikn, og formene er ofte reproduserte fleire gonger.

I 1994 vann Gormley den prestisjefylte britiske Turnerprisen for Field for the British Isles.

Kjende kunstverk

endre

I Noreg er Gormley mest kjend for å ha sett opp ei rekke rustne avstøypingar av seg sjølve på Solastranda ved Stavanger lufthamn, Sola, kunstverket gav han tittelen Another Place, 'Ein annan stad'.[1] Installasjonen har og vore sett opp i Tyskland, Belgia og England.

Kunstverket Broken Column - avbroten søyle er sett opp på utvalde stadar i Stavanger sentrum. 23 like, sandblåste jernavstøypingar av kroppen til Gormley er sett opp frå hamna og opp til Rogaland Kunstmuseum ved Mosvatnet.[2] Ved Akershus festning i Oslo er det sett opp eit kunstverk av Gormley til minne om dei norske jødane som vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland under den andre verdskrigen.

 
Quantum Cloud i London.

I Storbritannia er han mest kjend som kunstnaren bak skulpturen Angel of the North ('engelen frå nord'). Skulpturen er plassert utandørs i landskapet ved Gateshead nord i England. Stålskulpturen Quantum Cloud i London, med ei høgd på 30 meter, har og fått merksemd.

Kjelder

endre
  1. NRK (11. juni 2004), «Kunst på nettet», NRK (på norsk bokmål), henta 13. mai 2019 
  2. Hadland, Wenche Lamo (15. februar 2008), «Rustne menn, ser vi dem?», NRK (på norsk bokmål), henta 13. mai 2019 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Antony Gormley