Apostelgjerningane

femte bok i Det nye testamentet, omfatter 28 kapitler
(Omdirigert frå Apostlenes gjerninger)

Apostelgjerningane er ei bok i Det nye testamentet. Boka følgjer rett etter dei fire evangelia i Bibelen, og er den siste av dei historiske bøkene i Det nye testamentet. Ho handlar om apostlane og deira verksemd den første tida etter krossfestinga av Jesus.

Dei som no tok imot hans ord, dei vart døypte, og den dagen vart det lagt til umkring tri tusund sjæler. Og dei heldt trutt og fast ved læra aat apostlarne og samfundet og brødbrjotingi og bønerne. Og der kom otte paa kvar sjæl, og det vart gjort mange under og teikn ved apostlarne. Og alle dei truande heldt seg saman og hadde allting til sameiga.
Og eigedomarne sine og godset selde dei og skifte det ut til alle, etter som nokon hadde trong til.

Apg 2, 42-45 (Studentmaallaget si bibelumsetjing, 1921)

Peter

endre

Som Lukas-evangeliet vert apostelgjerningane innleia med ein dedikasjon til Teofilus. Så held boka fram med | Kristi himmelferd, i tradisjonen datert til 14. mai år 33. Deretter følgjer forteljinga om den første kristne kyrkjelyden som vart grunnlagt pinsedagen, 10 dagar etter Jesu himmelsferd. Her står apostelen Peter fram som ein leiar i kyrkjelyden, og Peters tale den første pinsedagen er gjengjeve.

Boka fortel vidare om bøn og samhald i den første kyrkjelyden, og om sterk auke i talet på kristne læresveinar. Etter Stefanus leid martyrdøden starta ei bølgje av forfølging av dei kristne, slik at dei spreidde seg vide – og slik vart òg kristendommen spreidd i eit vidare område.

Paulus

endre
 
Paulus si omvending

Boka fortel vidare om Paulus si omvending på vegen til Damaskus. Etter forteljinga om den første heidningkristne kyrkjelyden og forfølgingane som leidde til apostelen Jakobs martyrdød, går forfattaren over til å skildre misjonsferdene til Paulus.

Paulus første misjonsferd, til mellom anna Kypros og Frygia i Litleasia (kap. 13 og 14), er sidan tidfesta rundt år 47, den andre, gjennom Litleasia til Hellas (kap. 15-18), er tidfesta til år 50-52 og den tredje, som òg gjekk gjennom Litleasia til Hellas] (kap. 18-21) er tidfesta til år 53-57.

Boka vert avslutta med Paulus ferd med båt mot Roma. Reisa ender med forlis og berging på Malta. Derfrå reiste dei med eit nytt skip nordover og kjem til Roma ca. år 60.

So stod daa Paulus fram midt paa Aeropogos og sagde:
«De ateniske menner!
Eg ser ser at de i alle maatar er mykje annsame i dykkar gudsdyrking; for daa eg gjekk ikring og saag paa heilagdomarne dykkar, fann eg og eit altar med den innskrifti: «For ein ukjend Gud». Det som de daa dyrkar utan aa kjenne det, det forkynner eg dykk.»

Apg 17, 22-23 (Studentmaalaget si bibelumsetjing, 1921)

Etter tradisjonen er Apostelgjerningane nedskrivne av evangelisten Lukas i Roma rundt år 64. Andre meiner boka er nedskriven i Filippi, Alexandria eller Antiokia) . Hovudargumentet for årstalet er at verken Paulus’ eller Peters martyrdød rundt år 64 eller forfølgingane av dei kristne som keisar Nero starta på slutten av 60-talet er nemnde.

Apostlane Peter og Paulus er hovudpersonane i Apostelgjeningane. Verksemda til dei andre apostlane er berre så vidt nemnd.

Så kjelder kan Lukas ha bruka dels munnlege opplysningar, dels skriftlege nedteikningar. Han stod i nært samband med Paulus, og kan ha reist i lag med han delar av misjonsreisene. Fleire av skildringane hans kan derfor ha vore sjølvopplevde. Men det kan òg tenkast at desse vi-passasjane berre er eit stilistisk verkemiddel forfattaren brukar.

Kjelder

endre
  • Artikkelen byggjer på ei omsetjing av tilsvarande artikkel i Svensk Wikipedia.
  • Tidfesting dels etter Det norske bibelselskap (1978)
  • Tekst etter Bibelselskapet (2005)

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Apostelgjerningane