Are You Ready av AC/DC

Are You Ready
Singel av AC/DC
frå albumet The Razors Edge
B-side

Got You by the Balls

Utgjeve 28. mars 1991
Sjanger hardrock
Lengd 4:10
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent Bruce Fairbairn
AC/DC-kronologi 
«Moneytalks»
(1990)
Are You Ready «Highway to Hell (live)»
(1992)


«Are You Ready» er ein song av det australske rockebandet AC/DC. Han finst på albumet The Razors Edge frå 1990. Eit konsertopptak av songen frå turneen med same namn kom ut på eitt av to konsertalbum av AC/DC i 1992, Live: 2 CD Collector's Edition. Låten gjekk til topps på singellista i New Zealand, og vart den einaste nummer éin-hitten deira der, og har vorte gullsertifisert for eit sal på over 5000. Låten nådde òg 16. plassen på den amerikanske Billboard Album Rock Tracks-lista, nummer seks i Irland, nummer 14 i Finland og nummer 18 i Australia. Bladet Music & Media kalla låten «det beste dømet på eit retorisk spørsmål».[1] «Are You Ready» vart brukt som det offisielle temaet for WWE SmackDownFox[2] og for NRK-serien Mesternes mester.

Musikkvideo

endre

Musikkvideoen til denne songen, regissert av David Mallet,[3] viser fangar som deltek på ein AC/DC-minikonsert i fengselet sitt. Ein fange blir kledd opp for å gjera seg klar til bandet skal spela songen. Vaktene barberer hovudet hans nesten skalla, og lèt etter seg hår som utgjer logoen til AC/DC, den som liknar på omslaget til musikkvideoen til bandet, Clipped. Videoen vart filma i Bray Studios i Storbritannia, og dei som portretterte fangane hadde svart på ein open invitasjon sendt ut av Tommy Vance under hans Friday Rock ShowBBC Radio 1 nokre dagar tidlegare. Deltakarane fekk beskjed om å ta seg til Baker Street i London, der dei fekk delt ut «uniformene» sine og vart frakta med buss til Bray.

Innhald

endre

7-tommar og kassettsingel[4][5]

  1. «Are You Ready»
  2. «Got You by the Balls»
  • To avgrensa utgåver av 7-tommar singlar vart òg gjevne ut i Storbritannia. Ein av dei kom med eit AC/DC-klistremerke, medan det andre kom forma som ein liten ransel.[6][7]

Australsk 12-tommar og CD-singel[8][9]

  1. «Are You Ready» – 4:10
  2. «Got You by the Balls» – 4:29
  3. «D.T.» – 2:59
  4. «Chase the Ace» – 3:00

Europeisk 12-tommar og CD-singel[10][11]

  1. «Are You Ready» – 4:10
  2. «Got You by the Balls» – 4:29
  3. «The Razors Edge» – 4:22

Medverkande

endre

Salslister

endre

Vekeslister

endre
Liste (1991) Plassering
Australia (ARIA)[12] 18
Europa (Eurochart Hot 100)[13] 73
Finland (Suomen virallinen lista)[14] 14
Tyskland (Media Control AG)[15] 38
Irland (IRMA)[16] 6
New Zealand (RIANZ)[17] 1
UK Singles (Official Charts Company)[18] 34
US Mainstream Rock (Billboard)[19] 16

Årslister

endre
Liste (1991) Plassering
New Zealand (Recorded Music NZ)[20] 27

Salstrofé

endre
Region Salstrofé Salstal
New Zealand (RMNZ)[21] Gull 7 500*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

endre
  1. {«New Releases - Singles» (PDF). Music & Media 8 (17): 12. 27. april 1991. Henta 11. september 2020. 
  2. «WWE avslører nye logoer, grafikk og temasanger for Raw og SmackDown-showene». CBSSports.com. Henta 23. september 2020. 
  3. mvdbase.com - AC/DC - «Are you ready?»
  4. Are You Ready (UK 7-tommar singel sleeve). AC/DC. ATCO Records. 1991. B 8830, 7567-98830-7. 
  5. Are You Ready (Australske cassette single sleeve). AC/DC. Albert Productions. 1991. 656810 4. 
  6. Are You Ready (UK limited 7-tommar singel sleeve). AC/DC. ATCO Records. 1991. B8830X, 7567-98825-7. 
  7. Are You Ready (UK limited 7-tommar singel sleeve). AC/DC. ATCO Records. 1991. B8830W, 7567-98825-9. 
  8. Are You Ready (Australske 12-inch single vinyl disc). AC/DC. Albert Productions. 1991. 656810 6. 
  9. Are You Ready (Australske CD single disc notes). AC/DC. Albert Productions. 1991. 656810 2. 
  10. Are You Ready (European 12-inch single vinyl disc). AC/DC. ATCO Records. 1991. B8830T, 7567-96361-0. 
  11. Are You Ready (European CD single liner notes). AC/DC. ATCO Records. 1991. B8830CD, 7567-96361-2. 
  12. "Australian-charts.com – AC/DC – Are You Ready". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  13. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 8 (19): 21. 11. mai 1991. Henta 11. september 2020. 
  14. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  15. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  16. "The Irish Charts – Search Results – Are You Ready". Irish Singles Chart.
  17. "Charts.org.nz – AC/DC – Are You Ready". Top 40 Singles. Hung Medien.
  18. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  19. "AC DC Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 29. juni 2023.
  20. «End of Year Charts 1991». Recorded Music NZ. Henta 2. oktober 2019. 
  21. «New Zealand single salstrofé – AC/DC – Are You Ready». Recording Industry Association of New Zealand.