Songen Highway to Hell
Highway to Hell Singel av AC/DC frå albumet Highway to Hell | ||
B-side |
«If You Want Blood» (Aus/UK) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. juli 1979 | |
Innspelt | March – April 1979 | |
Studio | Roundhouse (London) | |
Sjanger | Hardrock[1] | |
Lengd | 3:27 | |
Selskap | ||
Komponist | Bon Scott, Angus Young, Malcolm Young | |
Tekstforfattar | Angus Young | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Mutt Lange | |
AC/DC-kronologi | ||
«Rock 'n' Roll Damnation» (1978) |
Highway to Hell | «Girls Got Rhythm» (1979)
|
«Highway to Hell» er ein song av det australske rockbandet AC/DC. Det er opningssporet på albumet deira Highway to Hell frå 1979. Han kom ut på singel same året.
Songen vart skriven av Angus Young, Malcolm Young og Bon Scott, og Angus Young blir kreditert for å ha skrive gitarriffet.[2] AC/DC hadde laga fleire studioalbum tidlegare og promoterte dei konstant via ein utmattande turnéplan, omtalt av Angus Young som å vera på ein motorveg til helvete, derav namnet.
Bakgrunn
endreSongen er i tonearten A-dur.[3] Tittelen og teksten speglar på det slitsame ved å konstant turnera og livet på vegen.[2] Motorvegen som inspirerte til tittelen, Canning Highway, knyter saman Perth med motorvegen Kwinana til hamna Fremantle og var heimstad for mange av favorittpubane og -hotella til Bon Scott, mellom anna Raffles Hotel.[4][5]
«Det kom hundrevis av riff kvar dag», fortalte Malcolm Young. «Men dette tenkte me: 'Det er bra'. Det stakk berre ut som ballane til ein hund.»[6]
Cashbox kalla han ei «beinknusande, tarmvridende øving i primal gitarrock» med «enkel, men effektiv riffing» og «tøff vokal.»[7] Record World skreiv at «Knurrande vokal i lag med rå gitar for enkel, høgenergisk rock'n'roll.»[8]
Singelen låg 45 veker på den tyske singellista og nådde 30. plassen i 19. veka som høgaste plassering på lista.[9] Bon Scott vart funnen død i baksetet på bilen til ein ven, berre vel eit halvår etter at songen vart gitt ut.[2]
Produksjon
endre«Highway to Hell» vart produsert av Mutt Lange som ein del av albumet med same namn, og arbeidet hans blir rekna som ein viktig faktor i å levera eit av dei klassiske AC/DC-albuma, framveksten av den doble gitar-stilen, som seinare vart perfeksjonert på Back in Black, og forbetra korvokal med Malcolm Young, saman med Cliff Williams for første gong.[2]
Ettermæle
endre«Highway to Hell» vann kategorien «mest spelte australske verk oversjøs» under APRA Awards i 2009.[10] I 2013 prøvde ein internettkampanje å få han til topps på den britiske singellista over jula det året.[11]
I januar 2018, som ein del av Triple M sin «Ozzest 100», over dei «mest australske» låtane gjennom tidene, vart «Highway to Hell» rangert som nummer 40.[12]
I 2020 rangerte The Guardian songen som nummer sju på lista si over dei 40 beste AC/DC-låtane,[13] og i 2020 vart songen òg rangert som nummer tre på lista over dei 40 beste AC/DC-låtane og i 2021 rangerte Kerrang låten som nummer fem på lista si over dei 20 beste AC/DC-låtane.[14]
Liste over utmerkingar
endre- Songen vart rangert på 258. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[15]
- Han vart rangert på 152. plassen på lista over dei 500 beste klassisk rock-låtane av 94.5 XKR.
- Han vart rangert på 23. plassen i boka The Top 500 Heavy Metal Songs of All Time, av Martin Popoff.
- Songen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.
Medverkande
endre- Bon Scott – solovokal
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar, korvokal
- Cliff Williams – bassgitar, korvokal
- Phil Rudd – trommer
Salslister
endreListe (1979/80) | Plassering |
---|---|
Australske (Kent Music Report)[16] | 24 |
Den austerrikske singellista | 52 |
Den belgiske singellista | 14 |
Den nederlandske singellista | 17 |
Den franske singellista | 23 |
Den tyske singellista | 30 |
Den spanske singellista | 24 |
Den svenske singellista | 36 |
UK Singles Chart[17] | 56 |
US Billboard 100[18] | 47 |
Liste (1992) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[19] | 29 |
Den nederlandske singellista[20] | 69 |
Den sveitsiske singellista[20] | 37 |
US Billboard Mainstream Rock | 1 |
Liste (2012) | Plassering |
Scottish Singles Chart | 36 |
UK Singles Chart[17] | 40 |
Billboard Hot Digital Songs | 1 |
Liste (2013) | Plassering |
UK Singles Chart[11] | 4 |
Irish Singles Chart | 23 |
Scottish Singles Chart | 36 |
Liste (2021) | Plassering |
Global 200 (Billboard)[21] | 142 |
Liste (2022) | Plassering |
Ungarn (Singel Topp 40)[22] | 16 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Danmark (IFPI Danmark)[23] | Platina | 0^ |
Tyskland (BVMI)[24] | Platina | 500 000^ |
Italia (FIMI)[25] | 2× Platina | 100 000* |
Mexico (AMPROFON)[26] | Diamant | 300 000^ |
Portugal (AFP)[27] | 2× Platina | 80 000x |
Storbritannia (BPI)[28] sales since 2010 |
2× Platina | 1 200 000^ |
USA (RIAA)[29] | Gull | 1 000 000^ |
USA (RIAA)[30] mastertone, sales since 2003 |
Gull | 500 000* |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Konsertopptak
endreHighway to Hell (live) Singel av AC/DC frå albumet AC/DC Live | ||
B-side |
Hells Bells (live) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1992 | |
Innspelt | 1991 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:53 | |
Selskap | Atco | |
Komponist | Bon Scott, Angus Young, Malcolm Young | |
Tekstforfattar | Angus Young | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Bruce Fairbairn | |
AC/DC-kronologi | ||
«Are You Ready» (1991) |
Highway to Hell (live) | «Dirty Deeds Done Dirt Cheap (live)» (1992)
|
«Highway to Hell» har blitt spelt mange gonger på konsert. Inkludert:
- Live: Denne kom òg ut på singel. Det vart laga ein video for singelen med bilete frå heimvideoen Live at Donington.
- Let There Be Rock: The Movie
- Live at River Plate
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Highway to Hell (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Smith, Troy L. (24. mai 2016). «50 greatest album-opening songs». Cleveland.com. Henta 31. desember 2018. «Singer Bon Scott’s crowning achievement with AC/DC is the opening title-track for 'Highway to Hell,' a hardrock anthem that remains one of the band’s greatest songs.»
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Wall, Mick (2012). AC/DC: Hell Aint a Bad Place to Be. London: Orion Publishing group. ISBN 9781409115359.
- ↑ «Highway to Hell». Musicnotes.com. 26. april 2010.
- ↑ «AC/DC - The Stories Behind The Songs». NME. 28. januar 2009. Henta 7. juni 2023.
- ↑ Harmon, Steph (20. oktober 2019). «Highway to Hell: 10 km av Perths hovedvei stenges for AC/DCs coverkonsert». The Guardian. Henta 7. juni 2023.
- ↑ «Bon Scott: The Songs». Classic Rock (212): 43. Sumar 2015.
- ↑ «CashBox Singles Reviews» (PDF). Cash Box. 22. september 1979. s. 20. Henta 1. januar 2022.
- ↑ «Single Picks» (PDF). Record World: 28. 22. september 1979. Henta 11. februar 2023.
- ↑ «Die ganze Musik im Internet: Charts, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche - musicline.de». musicline.de.[daud lenkje]
- ↑ «2009 Winners». Australasian Performing Right Association (APRA). Arkivert frå originalen 12. januar 2010. Henta 23. april 2010.
- ↑ 11,0 11,1 «Official Singles Chart Top 100 | Official Charts Company». officialcharts.com.
- ↑ «Here Are The Songs That Made Triple M's 'Ozzest 100'». Musicfeeds. 27. januar 2018. Henta 20. mai 2023.
- ↑ Hann, Michael (30. juli 2020). «AC/DC - their 40 greatest songs, ranked!». The Guardian. Henta 8. april 2022.
- ↑ Law, Sam (3. februar 2021). «The 20 greatest AC/DC songs - ranked». Kerrang. Henta 8. april 2022.
- ↑ 500 Greatest Songs of All Time – Highway to Hell. Rolling Stone.
- ↑ Kent, David (1993). Australske Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australske Chart Book. s. 11. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ 17,0 17,1 «highway to hell | full Official Chart History | Official Charts Company». officialcharts.com (på engelsk). Henta 27. januar 2020.
- ↑ «AC/DC Highway To Hell Chart History». Billboard. Henta 27. januar 2020.
- ↑ "Australian-charts.com – AC/DC – Highway to Hell". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
- ↑ 20,0 20,1 «AC/DC – Highway To Hell (Live) – hitparade.ch». hitparade.ch. Henta 27. januar 2020.
- ↑ "AC DC Salslistehistorie (Global 200)". Billboard. Henta 9. november 2021.
- ↑ "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ" (på ungarsk). Singel Topp 40. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége. Henta 12. mai 2022.
- ↑ «Danish single salstrofé – AC/DC – Highway to Hell». IFPI Denmark.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (AC/DC; 'Highway to Hell')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ «Italian single salstrofé – AC/DC – Highway to Hell» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter AC/DC in the field Artista. Click Avvia la ricerca
- ↑ «Certificaciones – 2023» (på spansk). Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas.
- ↑ «Portuguese single salstrofé – AC/DC – Highway to Hell» (PDF) (på portugisisk). Associação Fonográfica Portuguesa.
- ↑ «British single salstrofé – AC/DC – Highway to Hell». British Phonographic Industry. Enter Highway to Hell in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ «New Wave Prominent» (PDF). Cashbox: 39. 2. februar 1980. Henta 3. desember 2021 – via World Radio History.
- ↑ «American single salstrofé – AC/DC – Highway to Hell». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
259: «Heart of Glass » Blondie |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 258 «Highway to Hell» AC/DC |
257: «Paranoid Android» Radiohead |