Arid er i klimalæra eit område som har så lite nedbør at det aller meste vert nytta av planteveksten på staden eller fordampar direkte. Lite nedbør sig derfor ned i jorda og renn bort, slik at det vert lite utvasking av jorda. Dette er viktig for jordsmonndanninga i slike område.

Noreg har nokre aridstrøk, særleg nord i Gudbrandsdalen, spreidde bygder i indre Sogn, Saltdal, Skibotn i indre Troms og delar av Aust-Finnmark.

Det motsette av arid er humid.

Sjå ògEndra

KjelderEndra