Ariha (arabisk أريحا, òg kalla Rīḥā, arabisk ريحا) er ein by nord i Syria i Idlib guvernement, sør for Idlib. Av stader i nærleiken finn ein Urum al-Jawz i sørvest, Sarjah i sør, Kafr Latah i søraust, Maar Bilit i aust, al-Nayrab i nordaust, Nahlaya og al-Mastumah i nord, Kurin i nordvest og Maataram i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Ariha eit folketal på 39 501 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Ariha-distriktet, og Ariha nahiyah (nahiyah) som består av 24 stader med eit samla folketal på 83 487 i 2004.[1]

Ariha
أريحا
by
Land  Syria
Guvernement Idlib guvernement
Distrikt Ariha-distriktet
Nahiyah Ariha
Høgd 680 moh.
Koordinatar 35°49′N 36°36′E / 35.817°N 36.600°E / 35.817; 36.600
Folketal 39 501  (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Ariha i Syria
35°49′00″N 36°36′00″E / 35.816666666667°N 36.6°E / 35.816666666667; 36.6
Kart som viser Ariha i Syria.
Kart som viser Ariha i Syria.
Kart som viser Ariha i Syria.

Den syriske borgarkrigen

endre

Ariha var åstad for kampar mellom regjerings- og opprørsstyrkar. Den 24. august 2013 tok opprørarane Ariha. Etter 10 dagar med bombing tok regjeringsstyrkane byen attende den 3. september.[2][3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-02-06 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Arkivert på [1]. (arabisk)
  2. Army Retakes Strategic Town in Northwest Syria
  3. Assad forces capture strategic Syria northern town