Arild Remmereit (fødd 24. desember 1961) er ein norsk dirigent frå BrattvågSunnmøre. Han har dirigert fleire av verdas mest kjente orkester. Han har studert song, piano (jazz og klassisk) og komposisjon ved Noregs musikkhøgskole. Remmereit har studert direksjon under Karl Österreicher ved Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Wien i Austerrike og under Leonard Bernstein ved Orchestra dell’Accademia Nazionale di Santa Cecilia i Roma i Italia.[1]

Arild Remmereit
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1961 (62 år)
Ålesund kommune
Yrke dirigent, musikar

I åra 1988-1992 var han sjefsdirigent for Wiener Residens-Orchester. Han har vore kunstnerisk leiar ved operaen i Kharkov. Han har gjestedirigert m. a. ved Mozarteum-orkesteret i Salzburg, Tsjekkias filharmoniske orkester (Česká filharmonie), Tokyo symfoniorkester (Tōkyō Firuhāmonī Kōkyō Gakudan) og Radioorkesteret i Hannover (NDR Radiophilharmonie).

Diskografi

endre

CD[2]:

Kjelder

endre
  1. «Arild Remmereit», pittsburghsymphony.org, henta 27. juli 2021 
  2. «Arild Remmereit», Discogs (på engelsk), henta 14. november 2021