Aristarkh Lentulov

Aristarkh Vasiljevitsj Lentulov (4. januar 188215. april 1943) var ein framståande russisk avantgarde-målar inpsirert av kubismen, som også laga kulissar til teateroppsetjingar.

Aristarkh Lentulov
Aristarkh Lentulov Self-portrait 1913.jpg
Sjølvportrett, 1913
Fødenamn Аристарх Васильевич Лентулов
Fødd 4. januar 1882, 16. januar 1882
Nizjnij Lomov
Død

15. april 1943 (61 år)
Moskva

Yrke kunstmålar, scenograf
Aristarkh Lentulov på Commons
Gate i Moskva, 1910
Vasilijkatedralen, 1913
Himmelklokke, 1915

Liv og gjerningEndra

Aristarkh Lentulov vart fødd i byen Nizjnij Lomov nær Penza. Faren var landsbyprest. Aristarkh studerte kunst ved kunstskular i Penza og i Kiev frå 1897 til 1905, og deretter fekk han i 1906 privatundervisning hos Dmitrij Kardovskij i St. Petersburg.

Han budde i Moskva frå 1909, og var der ein av grunnleggjarane av ei gruppe kunstnarar og utstillarar av avantgarde-kunst. Gruppa var aktiv fram til ho vart oppløyst i 1916.

Åra 1910 og 1911 studerte Lentulov ved ateliera Le Fauconnier og La Palette-akademiet i Paris. Under opphaldet vart han kjend med fleire franske samtidskunstnarar som Albert Gleizes, Jean Metzinger, Fernand Léger og Robert Delaunay. Etter å ha lært seg målings-prinsippa til fauvistane og kubistane, utvikla han sin eigen unike og fargerike målestil. Seinare, etter tilbakekomsten til Russland i 1912, øvde han stor innverknad på det som skulle verte russiske futurisme og i særleg grad kubofuturisme. Vasilij Kandinskij og Kasimir Malevitsj vart begge påverka av Lentulov.

Frå tida før oktoberrevolusjonen var Lentulov involvert i ulike teaterprosjekt, han var scenograf til oppsetjingar ved Kamernij-teateret (Dei lystige konene i Windsor, 1916) og til Aleksandr Skrjabins PrometheusBolsjojteateret i 1919.

I 1928 kom Lentulov med i Kunstnarforbundet for Moskva, der han møtte att kunstnarar som han hadde samarbeidd med i åra 1912-16. Han vart leiar for forbundet og starta undervise på den sovjetiske statens kunst og tekniske skule (VKhUTEMAS).

Lentulov døydde i Moskva og er gravlagd på gravlunden Vagankovo.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Aristarkh Lentulov