Robert Delaunay (12. april 188525. oktober 1941) var ein fransk målar og bilethoggar. Han er kjend som ein av grunnleggjarane av orfismen, ei stilretning som sameinar den sterke fargebruken i fauvismen med vektlegginga av geometriske figurar i kubismen. Dei seinare arbeida hans var meir abstrakte, og minner om Paul Klee sin kunst. Størst påverknad på målarkunsten hadde den dristige bruken hans av farge, samt ein openberr kjærleik for eksperimentering. Han var gift med den russiske kunstnaren Sonia Delaunay-Terk.

Robert Delaunay

Sjølvportrett, 1906
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 12. april 1885
Paris
Død

25. oktober 1941 (56 år)
Montpellier

Yrke kunstmålar, designar, theatre designer, biletkunstnar
Sjanger abstrakt kunst, stilleben
Ektefelle Sonia Delaunay
Born Charles Delaunay
Signatur
Robert Delaunay på Commons

Liv og gjerning endre

 
Champs De Mars. Det raude tårn, 1911
 
Byen Paris, 1911
 
Simultane vindu mot byen, 1912
 
Relief-disques, 1934

Delaunay var fødd i Paris, og var son til ein forretningsmann. Foreldra vart skilde då han var ein gutunge. Han voks sidan opp i familien til ei morsyster som budde i La Ronchère nær Bourges. Etter han hadde stroke ved ein avgjerande eksamenen, fortalde han onkelen at han ville verte målar. Onkelen sende han i 1902 til Ronsin sitt atelier for dekorativ kunst i Belleville. 19 år gammal forlét han Ronsin, for fullt ut å konsentrere seg om måling.

År 1904 fekk Delaunay stilt ut seks verk på Salon des Indépendants. Han reiste så til Bretagne der han kom under påverknad av ei gruppe Pont-Aven-målarar. Måleri frå tida i Bretagne vart vist på ei utstilling i Paris 1906, der han elles vart kjend med Henri Rousseau.

Delaunay og den nære venen Jean Metzinger stilte i 1907 ut saman på eit galleri som Berthe Weill dreiv. Kunstkritikaren Louis Vauxcelles trekte fram dei to som divisjonistar som nytta tjukke, mosaikkliknande «terningar» til å skape små med høgst symbolske komposisjonar.

I dei komande åra nådde Delaunay toppen som kunstnar. Han måla då ei rad kjende biletseriar; Saint-Sévrin-serien (1909–10); storby-serien (1909–11); Eiffeltårn-serien (1909–12); Paris-serien (1911–12); vindaugs-serien (1912–14); Cardiff Team-serien (1913); sirkelrund-serien (1913); og Den fyrste grammofonplata (1913). Det store måleriet Byen Paris frå 1910-12 er rekna som Delaunays hovudverk. Mellom hans mest kjende verk er fleire bilete av Eiffeltårnet.

Orfisme endre

Delaunay sokna i åra kringom 1910 til den kubistiske rørsla. Frå om lag 1912 utvikla han ein særleg abstrakt stil, kalla orfisme eller simultanisme. Stilen, som voks ut av den analytiske kubismen, søker å gje inntrykk av rørsle og veldig lyskraft.

Delaunay orienterte seg også mot Vasilij Kandinskij og mot futurismen. Gjennom si tilknyting til Der Blaue Reiter var han samstundes ein bindelekk mellom fransk og tysk kunst i åra før fyrste verdskrigen.

Frå 1912 til -14 måla Dealaunay nonfigurative bilete, basert på dei optiske eigenskapane til skinande fargar som var så dynamiske at dei kunne fungere som form. Teoriane hans handla mest om farge og lys og påverka mange, mellom andre Blaue Reiter-rørsla med August Macke, Franz Marc, Paul Klee og Lyonel Feininger.

Også Guillaume Apollinaire var sterkt påverka av fargeteoriane til Delaunay. Delaunay reiste i januar 1913 saman med Apollinaire til Berlin, der han skulle delta på ei utstilling av verka hans på 'Galerie Der Sturm'. På vegen tilbake til Paris budde dei to hos August Macke i Bonn, der Macke gjorde dei kjende med Max Ernst.[1]

Då måleriet La ville de Paris vart avvist av Armory Show, med grunngjeving om at det var for stort[2] gav han Samuel Halpert ordre om å fjerne alle arbeida hans frå utstillinga.

Åra i Spania og Portugal, 1914-20 endre

Ved utbrotet av den fyrste verdskrigen i 1914 budde Delaunay og kona i Fontarabie i Spania. Dei bestemte seg då for å slå seg ned i Madrid. I august 1915 flytta dei Portugal, der dei delte bustad med Samuel Halpert og Eduardo Viana. Med den russiske revolusjonen mista Sonia Delaunay den økonomiske stønaden frå slekta si i Russland, og ekteparet trong nye inntektskjelder. Delaunayane møtte i 1917 Sergej Djagilev i Madrid. Robert Delaunay designa scena til Djagilevs neste oppsetjing av Kleopatra, medan Sonia Delaunay teikna kostyma.

I Paris, 1921-41 endre

Etter verdskrigen, i 1921, returnerte Delaunay til Paris. Han heldt då fram med med å lage verk i ein abstrakt stil. Under verdsutstillinga i Paris 1937 deltok Delaunay i utforminga av jarnvegs- og luftfarts-paviljongane. Då den andre verdskrigen braut laust, flytta ekteparet Delaunay til Auvergne, i eit forsøk på å unngå dei invaderande tyske hærstyrkane.

Delaunay døydde av kreft hausten 1941 i Montpellier. Liket vart grave opp i 1952 og gravlagd på nytt i Gambais.

Kjelder endre

  1. Willard Bohn: Apollinaire and the international avant-garde (1997), ISBN 0-7914-3195-9, p82
  2. La ville de Paris measures 234X294cm.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Robert Delaunay