Arktisk niauga

(Omdirigert frå Arktisk niauge)
Arktisk niauge
Arktisk niauge
Arktisk niauge
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Kjevelause fiskar Agnatha
Klasse: Cephalaspidomorphi
Orden: Niaugo Petromyzontiformes
Familie: Niaugefamilien Petromyzontidae
Slekt: Lethenteron
Art: Arktisk niauge L. camtschaticum
Vitskapleg namn
Lethenteron camtschaticum

Arktisk niauga er ein arktisk niaugeart som lever anadromt langs kysten av Nordishavet frå Kolahalvøya til Japan. I Noreg er arten truleg registrert i Pasvikelva, utan at det finst sikre data. Artkis niauga er rekna som ein sårbart art i Noreg.[1]

Kjenneteikn endre

Arktisk niauga er brungrått med mørk marmorering og flekkar på oversida. Han er 18-63 cm lang, med dei største individa i austlege bestandar. Unge individ har to ryggfinnar, men desse veks saman når fisken vert eldre.

Levesett endre

Arktisk niauga finst både i ferskvasstasjonære og anadrome bestandar. Dei vaksne lever helst nær elveos på grunt vatn ned til 50 m. Dei er ektoparasittar på dei fleste fiskane av nokolunde storleik, mellom anna laksefisk, flyndre, torsk og sild. Larvane lever av detritus og planteplankton.

Gytinga skjer på seinsommaren på grusbotn i sakteflytande (0,6-0,8 m vassføring i sekundet) elvar på grunt vatn ned til 20 cm. Frå 2 til 8 individ gyt i lag, og begge kjønn er med på å grava gytegropa. Hoene gyt med fleire hannar kvar, på ulike tidspunkt. Båe kjønn vaktar egga i dagevis, til dei døyr. Larvane ligg nedgravne i om lag 4 år.

Kjelder endre

  • Jonsson, Bror: «Niøyer» i Norges dyr - Fiskene 1 Cappelen 1992
  • FishBase

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Arktisk niauga