Arn
mannsnamn
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Arn (fleirtyding).
Arn kan vera mannsnamn, slektsnamn eller namnedel i ei rekkje namn av germansk opphav.
Arn kjem frå protogermansk *arnuz, 'ørn'. Den gammalnorske namneforma var Arni eller Árni. Mannsnamna Arne, Are, Ari og Ane er avleidde kortformer.
Arn- finst som namneledd i mannsnamna Arnar, Arnbjørn, Arnfinn, Arnljot, Arnold, Arnulf og Ørnulf, og i kvinnenamna Annbjørg, Annfrid, Arnfrid og Arnhild.
Ein finn også namnet i ætta kjend som Arnungane.
I nyare tid er namnet best kjend frå bøkene og filmane om Arn Magnusson, opphavleg av Jan Guillou.
Namneberarar
endreFørenamn
endre- Arn Anderson (f. 1958), amerikansk fribrytar, opphavleg Martin Anthony Lunde
Etternamn
endre- Edward Ferdinand Arn (1906–1998), guvernør av Kansas
- Gréta Arn (f. 1979), ungarsk tennisspelar