Arnold er eit mannsnamn som kjem frå tysk, samansett av Arn- ’ørn’ og eit etterledd som tyder ’herskar’. Namnet var innlånt alt i norrønt, då som Arnaldr. Ei latinisert form er Arnoldus, ei moderne kortform er Arno.

Namnetrekket til Arnold Schwarzenegger.
Namnetrekket til Benedict Arnold.

Arnold har norsk namnedag den 1. desember og svensk namnedag den 4. august.

Bruken av namnet i NoregEndra

  • I folketeljinga i 1801 vart 36 personar manntalsførte med namnet Arnold, 21 med namnet Arnoldus. Somme andre variantar var òg brukte.
  • I teljinga frå 1900 var det nær 570 personar som heitte Arnold, og om lag 120 som heitte Arnoldus. 3 heitte Arno.
  • I 2008 var det nær 1 200 som hadde Arnold til første fornamn, 6 som heitte Arnoldus og vel 40 som heitte Arno.

Kjende namneberararEndra

Førenamn
Etternamn

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra