Arne & Carlos
Arne & Carlos er ein designarduo danna av norske Arne Nerjordet (fødd 22. juni 1963) og svenske Carlos Zachrison (fødd 26. august 1970). Dei nyttar Arne & Carlos som firmanamn og forfattarnamn, og som merkenamn for produkta sine. Duoen formgjev hovudsakleg klede, leiketøy og interiørgjenstandar, ofte i strikk.
Sidan 2000 har paret budd og arbeidd i den ombygde ekspedisjonsbygningen på den nedlagde jernbanestasjonen på Tonsåsen i Etnedal i Valdres.[1]
Frå 2002 til 2008 utforma Arne & Carlos stort sett klesplagg i ulike tekstil, men frå 2008 byrja dei konsentrera seg om strikk. Etter at dei gav ut boka Julekuler i 2010, har dei arbeidd mykje med utvikling av plagg og gjenstandar for handstrikk. Duoen har ein særeigen stil der dei tek utgangspunkt i tradisjonelle mønster, gjev dei eit moderne uttrykk og set dei inn i overraskande samanhengar.[2]
Dei første sju åra
endreArne Nerjordet var lærar ved motedesignskolen Esmod i Oslo då han og Carlos Zachrison møtte kvarandre i 1999. Nerjordet hadde tidlegare studert ved skulen, medan Zachrison var utdanna statsvitar. I 2000 flytta dei to saman til den nedlagde jernbanestasjonen på Tonsåsen i Valdres.
Firmaet og merket Arne & Carlos blei skipa i 2002, same året som duoen viste fram den første kleskolleksjonen sin under visingsarrangementet «DesignStreet» i Oslo. Kolleksjonen var inspirert av Dolly Parton og hadde element av både kitsch og humor. Han blei omtalt som «eklektisk» av sjefredaktøren i motebladet Tique, Tone Skårdal Tobiasson, som gav han særs positiv omtale.[3] Utstillinga blei vist på motemesser i Paris same haust.
I fleire år presenterte dei to–tre kolleksjonar årleg. Dei første to kolleksjonane sydde dei sjølv. Seinare har dei konsentrert seg om design og utvikling av nye modellar, og sett bort sjølve saumen til fabrikkar og syatelier.[4]
Arne & Carlos fekk frå visinga av den første kolleksjonen sin stor merksemd og gode kritikkar i utlandet, men i Noreg gjekk salet dårleg. I 2008 blei selskapet slått konkurs, men starta opp igjen etter kort tid som Arne & Carlos DA.[5]
Strikk
endreEtter at dei starta igjen opp i 2008 satsa Arne og Carlos på strikk, både maskinstrikk og handstrikk. Sjølv strikkar dei prototypane og lagar oppskrifter til små gjenstandar, som leiketøy. Desse oppskriftene blir publiserte i tematiske inspirasjons- og oppskriftsbøker. For større ting som genserar og andre plagg, er det dei som formgjev, medan mønster, oppstrikking og presentasjon av plagga blir gjort ved Dale Garn.[4]
Den første strikkekolleksjonen for handstrikk utvikla dei for butikkjeda Norsk Flid i 2007.[6]
I 2010 gav Arne & ut til inspirasjons- og oppskriftsboka Julekuler med oppskrift på 55 ulike handstrikka julekuler. Boka blei ein suksess,[7] og blei omsett til fleire andre språk.[8]
Utstillingar (utval)
endreI tillegg til visingar på motemesser i inn- og utland, er produkta til duoen og prosjekt vist på fleire ulike utstillingar.
I 2006 var dei blant dei utvalde designarane til utstillinga «From Valdres to Vogue» i Norsk Design- og Arkitektursenter (DogA).[9]
I 2012 var det tiårs-jubileum for presentasjon av den første kolleksjonen. I dette høvet samarbeidde Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og DogA om å produsera to vandreutstillinger rundt Arne & Carlos sitt univers: galleriutstillinga Arne & Carlos – eit ferdaminne og Kryp, køntri og spaceinvaders, som var del av Nasjonalmuseet sitt tilbod til skulebarn gjennom Den kulturelle skulesekken.
Begge utstillingane fokuserte på kreativitet og designprosessen, med innlagde workshoppar for vitjande. Før utstillingane blei sende ut til skular og galleri, blei dei sommaren 2012 viste i DogA sine lokale i Oslo.[10] Kryp, køntri og spaceinvaders var finalist i konkurransen om «Gullsekken», ein pris knytt til Den kulturelle skulesekken, i 2013.[11]
Utmerkingar og offentlege innkjøp (utval)
endreI 2004 oppretta motemagasinet Henne designprisen Nåløyet. Arne & Carlos fekk den første prisen, for sin «nyskapende, feminine og lystige design».[12]
I 2010 fekk dei Norges Husflidslag si høgaste utmerking, «Fortjenstmedalje i gull med diplom».[13]
Nasjonalmuseet har kjøpt inn tre plagg frå Arne & Carlos sin kunstneriske produksjon. Desse tre er presenterte i brosjyren til utstillinga «Arne & Carlos - eit ferdaminne».
I 2014 blei Arne Nerjordet utnemnd som «æresgausdøl» av formannskapet i Gausdal kommune.[14]
Utgjevingar
endre- Masker og snitt fra Tonsåsen - Norges Husflidslag, 2007
- Julekuler – Cappelen Damm, 2010
- Strikkedukker – Cappelen Damm, 2011
- Adventskalender, strikk en A&C julekule hver dag i adventstiden - Cappelen Damm, 2011.[15]
- Påske hele året – Cappelen Damm, 2012
- Håndarbeid fra hagen – Cappelen Damm, 2013
- Strikk fra Setesdal : tradisjon med ny vri – Cappelen Damm, 2013
- 30 tøfler : ett grunnmønster – Cappelen Damm, 2014
- Boka du lager selv – Cappelen Damm, 2015
Kjelder
endre- ↑ Tobiasson, Nerjordet og Zachrison (2007), s. 11
- ↑ Kreutz-Hansen (2008)
- ↑ Tobiasson, Nerjordet og Zachrison (2007), s. 8
- ↑ 4,0 4,1 Nasjonalmuseet (2012) Arne & Carlos – eit ferdaminne
- ↑ Stabæk, Christel M. (2008) «Går videre etter investorhavari» I: Dagens Næringsliv, 14.08.2008, s. 26
- ↑ Norsk Flids presentasjon av kolleksjonen Arkivert 2014-01-08 ved Wayback Machine. Lest 8. januar 2014
- ↑ NRK-omtale av bestselgeren Besøkt 19. januar 2014
- ↑ Tall fra BIBSYS 20. januar 2014
- ↑ norskdesign.nos informasjon om utstillingen Arkivert 2012-11-18 ved Wayback Machine. Besøkt 17. januar 2014
- ↑ DogAs informasjon om utstillingene Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine. Besøkt 20. januar 2014
- ↑ «Kryp, køntri og spaceinvaders » Nasjonal ressursbank DKS: Visuell kunst -». dks.nasjonalmuseet.no (på norsk bokmål). Henta 12. november 2017.
- ↑ Engelsås, Line (2013) «HENNE NÅLØYET 2013!». I: Henne, februar 2013
- ↑ Norges Husflidslags omtale av tildelingen Arkivert 2014-01-12 ved Wayback Machine. Besøkt 12. januar 2014
- ↑ Kommunens omtale av tildelingen Arkivert 2014-03-03 ved Wayback Machine. Besøkt 3. mars 2014
- ↑ Dale Garns informasjon om adventskalenderen Arkivert 2013-08-15 ved Wayback Machine. Besøkt 17. januar 2014
- Denne artikkelen bygger på «Arne & Carlos» frå Wikipedia på bokmål, den 18. april 2020.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Grann, Annemona (2010) «Vær trendy, strikk sjøl». I: Adresseavisen 1. september 2010, s. 3
- Hovland, Kirsti (2009) «– Fremtiden er Arne & Carlos …». I: VG 16. mai 2009, s. 43
- Kreutz-Hansen, Hanne (2008) «Eksotisk strikk. Det måtte strikkepinner til for at Arne & Carlos skulle lykkes som designere». I: VG 30. august 2008, s. 64
- Nasjonalmuseet (2012) Arne & Carlos – eit ferdaminne, brosjyre til en vandreutstilling. Les på nett (PDF) Besøkt 17. januar 2014
- Nasjonalmuseet (2012) Kryp, køntri og spaceinvaders, lærerveiledning til en vandreutstilling. Les på nett (PDF) Besøkt 20. januar 2014
- Solhaug, Berit (2007) «Arne & Carlos, rotekte kosmopolitter». I: Norsk Husflid, årg. 42 nr. 4, s. 14–16
- Tobiasson, Tone S., Arne Nerjordet, Carlos Zachrison (2007) Arne & Carlos : masker og snitt fra Tonsåsen. Oslo, Norges husflidslag. ISBN 978-82-91195-31-5