Arne Juland

norsk politikar

Arne Johansson Juland (17. august 187727. januar 1957) var ein norsk lærar og politikar frå Lom. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet åra 1919-21.

Arne Juland
Fødd17. august 1877
Lom kommune
Død27. januar 1957 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Nasjonal Samling
Yrkepolitikar, lærar
InstitusjonarNoregs Statsbanar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1919–1921)
  • ordførar i Vang i Hedmark (1928–1931)
  • vararepresentant til Stortinget (1913–1915) Sjå dette på Wikidata

Juland var son til ein gardbrukar. Han tok lærareksamen frå Elverum i 1900, og var deretter folkeskule- og framhaldskulelærar i heimbygda, før han skifta beite til Vågå i 1902, Elverum i 1904 og i Stange 1905-23, med unnatak for året 1907/08 då han atter var i Lom. I Stange kjøpte han eit gardsbruk og vart i tillegg gardbrukar. Han flytta i 1923 til Vang og var lærar der i 13 år, jamsides som han i same perioden var øvingslærar ved Hamar lærarskule. I 1936 vart han tilsett som skuledirektør i Hamar bispedøme, ei stilling han hadde fram til 1944.

Juland var medlem av heradsstyret i Stange frå 1910, ordførar 1922-23. Perioden 1909-18 var han kommunerevisor i Stange. Også i Vang vart han vald til ordførar, då for perioden 1928-31.

Juland var varamann til Stortinget 1913-15 frå Søndre Hedemarken krins. Valbolken 1919-21 var han same krinsen sin stortingsrepresentant, på tinget var han medlem i Landbrukskomiteen.

Under andre verdskrigen melde skuledirektør Juland seg inn i Nasjonal Samling. Ved landssvikoppgjeret i 1947 vart han dømd til seks månaders betinga fengsel og tap av borgarrettar.

Kjelder endre