Arne-Frode Rinnan (fødd 11. november 1940) er ein norsk kaptein. Han er kjend som kaptein på det norske skipet MS «Tampa», eigd av reiarlaget Wilh. Wilhelmsen. 21. august 2001 redda skipet hans 438 flyktningar, primært afghanarar, frå ein søkkande båt ca. 75 nautiske mil nord for Christmasøya. Det etterfølgjande forsøket på å setja av dei skipbrotne i Australia skapte internasjonal debatt. «Tampa» vart borda av den australske marinen og Rinnan mottok truslar frå australske styresmakter.

Arne Rinnan
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1940 (83 år)
Oslo
Yrke skipsførar
Rinnan var kaptein på MS «Tampa». Her er skipet i hamn i Papeete i Fransk Polynesia

For handlemåten og dei faste prinsippa sine fekk han fleire nasjonale og internasjonale heidersprisar. I 2001 vart Rinnan utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen.[1] Den britiske avisa Lloyds' List og Nautical Institute utnemnde Rinnan til «årets kaptein»,[2] og VG kåra han til Årets navn.[3] I 2002 vart kapteinen, saman med mannskapet og reiarlaget Wilh. Wilhelmsen, heidra med Nansenprisen av SNs høgkommissær for flyktningar. I april same år vart Rinnan og den øvrige besetninga på MS «Tampa» heidra med den norske Medaljen for redningsdåd til sjøs.[4]

Arne Rinnan pensjonerte seg seint i 2001 og bur saman med familien sin på Kongsberg.

Kjelder endre

  1. Norges statskalender 2009.
  2. «Årets kaptein - Innenriks - Dagbladet.no». www.dagbladet.no. Henta 21. februar 2016. 
  3. Anonym (udatert). «Årets navn 2011». VG Nett (på norsk bokmål). VG. Henta 20. desember 2020. «Liste med tidligere vinnere i en artikkel med forslag til 2011 vinner» 
  4. Norges statskalender 2008.