Arne Zwaig
Arne Zwaig (6. februar 1947–12. april 2022) var ein norsk sjakkspelar.
Arne Zwaig | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. februar 1947 Oslo |
Død | 12. april 2022 (75 år) |
Idrett | sjakk |
Tok del i | Sjakk-OL 1962, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1972, Sjakk-OL 1974 |
Arne Zwaig vart Noregsmeister i sjakk i 1964 og 1969.[1] Han var som 17-åring den yngste som hadde vunne noregsmeisterskapen i sjakk, fram til Simen Agdestein slo rekorden ved å bli noregsmeister som 15-åring i 1982.[2]
Arne Zwaig vart i 1975 utnemnd til internasjonal meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE[3], som den fjerde frå Noreg med denne tittelen. Det første IM-nappet klarte han i sjakk-OL i Nice i 1974, der han tok 13 poeng på 19 parti på 3. bord.[4] Han vann vann så Astoria Chess International på Hamar 6-10. januar 1975 med 7,5 poeng på 9 rundar, og hadde dermed oppfylt krava til tittelen.[5] Deretter vann han for ordens skuld også den internasjonale turneringa i Sandefjord i påska i 1975, med 7 poeng på 9 rundar, og klarte eit IM-napp til.[6]
Arne Zwaig deltok på det norske laget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) 6 gongar, første gong som 15-åring i 1962, deretter i åra 1964-1966-1968 og 1972-1974. [7]
Arne Zwaig vart junior-Noregsmeister i 1961, berre 14 år gamal. Han klarte delt 4-8. plass i junior-VM i 1963, og ein 4. plass i junior-VM 1965. Han var Noreg sin deltakar i soneturneringane i Halle i 1967 og i Raach i 1969, begge gongane med over 50 % skåre.[8]
Arne Zwaig vann det opne NM i sjakk 1971,[9] og det opne NM i hurtigsjakk i 1973 og 1974.[10]
Arne Zwaig har vore medlem i Oslo Schakselskap, Torshov Sjakklubb, Sjakklubben Fischer og Asker Sjakklubb.[11] Han var med på Torshov Sjakklubb sitt lag som vann NM for klubblag i 1971, og på Sjakklubben Fischer sitt lag som vann NM for klubblag i 1973, 1975 og 1976.[12]
Arne Zwaig la meir eller mindre opp som turneringsspelar rundt 1977.[13]
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
- Minneord ved Øystein Brekke
Fotnotar
endre- ↑ Brekke s. 104, 105
- ↑ Brekke s. 106
- ↑ Brekke s. 95
- ↑ Brekke, s. 75 og 113
- ↑ Norsk Sjakkblad nr 1, 1975 s. 42-43
- ↑ Norsk Sjakkblad nr 2, 1975 s. 4-5
- ↑ Brekke s. 112-113
- ↑ Norsk Sjakkblad nr 1, 1975 s. 42
- ↑ Brekke, s. 108
- ↑ Brekke s. 109
- ↑ Norsk Sjakkblad nr 1, 1975 s. 42
- ↑ Brekke s. 110
- ↑ Brekke s. 82