Opna hovudmenyen

Arnfinn Andreas Haram O.P. (25. september 194810. juni 2012) var ein norsk dominikanarbror, samfunnsdebattant og sakprosaforfattar, fødd i Ålesund, oppvakse i Haram kommuneSunnmøre, og døydde i Oslo.

Arnfinn Haram
Fødd 25. september 1948
Død

10. juni 2012

Yrke katolsk prest, skribent

Haram vart utdanne på Menighetsfakultetet i Oslo og har vore prost i Den norske kyrkja, men konverterte til Den romersk-katolske kyrkja i 1998. Han gav dei evige lovnadene i 2002 og vart vigd som katolsk prest i 2003. Frå 2009 og fram til han døydde var han prior (klosterleiar) for dominikanarklosteret i Oslo. Han var ein ivrig og uredd deltakar i samfunnsdebatten, og har vore ein fast og høgt respektert skribent i dagsavisa Klassekampen.

BibliografiEndra

  • Babylonsk harpe (etterord av Knut Olav Åmås). Efrem forlag 2013.
  • Tre florentinarar : essay og artiklar om religion, kultur og samfunn : 2003-2009 (forord av Jon Michelet). Efrem forlag 2009
  • Den gudstenestlege regula : reformatorisk arv og aktuelt program. Oslo 1979
  • Kristen oppseding og kyrkjeleg identitet : ei vurdering av IKO med særleg sikte på folkekyrkjeproblemet. Oslo 1978

BakgrunnsstoffEndra