Opna hovudmenyen

Knut Olav Åmås

norsk forfattar, filosof og redaktør

Knut Olav Åmås (fødd 19. januar 1968 i Mo i Rana) er ein norsk forfattar, filosof, redaktør og kulturleiar oppvaksen i Odda.

Knut Olav Åmås
Kultur- og debattredaktør i Aftenposten Knut Olav Åmås (5101945024) (cropped).jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 19. januar 1968 (51 år)
Mo i Rana
Yrke Redaktør
Periode 1994 -
Debut Det stille alvoret. Ludwig Wittgenstein i Norge 1913–50
Knut Olav Åmås på Commons

Knut Olav Åmås er direktør i Fritt Ord. Han leiar Mediemangfaldsutvalet og er styreleiar i Foreningen Store norske leksikon.

Han er cand.philol. med hovudfag i filosofi frå 1996 og doktorgrad i medievitskap frå Universitetet i Bergen i 2005. Han har jobba som journalist i Bergens Tidende, samt som redaktør ved Universitetet i Bergen. Åmås var forlagsredaktør på Universitetsforlaget frå 1996 til 2001 og redaktør for tidsskriftet Samtiden frå 2001 til 2006. I 2004 var han bokmeldar og laurdagsspaltist i Dagbladet. Frå 2005 var Åmås deltidskommentator i Aftenposten, frå 2006 debatt- og kronikkredaktør i avisa og frå 2008 kultur- og debattredaktør same stad. Han var statssekretær for Høgre i Kulturdepartementet før han overtok direktørstillinga i Fritt ord.

Han har omsett, redigert og skrive fleire bøker om filosofi, idéhistorie og kjønnsforsking, mellom anna om filosofen Ludwig Wittgenstein. I 2004 gav han ut Mitt liv var draum, ein litterær biografi om lyrikaren Olav H. Hauge. Boka danna i 2005 grunnlag for doktorgraden hans i medievitskap.[1]

Knut Olav Åmås fekk nynorskprisen til Samlaget, Melsom-prisen, i 2005 for biografien om Olav H. Hauge. Saman med Cathrine Sandnes fekk han prisen Årets tidsskrift 2006 frå Tidsskriftforeningen for arbeidet med Samtiden. I 2007 vart han tildelt Den Store Journalistprisen.[2]

Åmås var redaktør for den nyaste utgåva av Hvem er hvem?, som vart utgjeven i september 2008. Same året var han også redaktør for boka Norge. En diagnose.

BibliografiEndra

  • 1994: Det stille alvoret. Ludwig Wittgenstein i Norge 1913–50 (Samlaget, saman med Rolf Larsen
  • 1994: Wittgenstein and Norway (Solum forlag, redaktør saman med Kjell S. Johannessen og Rolf Larsen)
  • 2000: Ludwig Wittgenstein (Gyldendal, Ariadne-serien)
  • 2000: Elsk meg litt, elsk meg lenge. Homofil kjærlighet i hundre år (Kagge forlag, redaktør)
  • 2001: Norsk homoforskning (Universitetsforlaget, redaktør saman med Marianne Brantsæter, Turid Eikvam og Reidar Kjær)
  • 2004: Mitt liv var draum (Samlaget, biografi om Olav H. Hauge)
  • 2005: Venner for livet, lesebok om vennskap (Kagge forlag, redaktør)
  • 2007: Verdien av uenighet - Debatt og dissens i Norge (Kagge forlag)
  • 2007: Livet med kreft (Aschehoug, redaktør. Utgjeven til Radiumhospitalet sitt 75-årsjubileum)
  • 2008: Norge. En diagnose (Schibsted, redaktør)
  • 2008: Hvem er hvem? (Aschehoug, redaktør)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra