Arthur Wesley Dow
Arthur Wesley Dow (6. april 1857–13. desember 1922) var ein amerikansk målar, trykker, fotograf og innverknadsrik kunstlærar.
Arthur Wesley Dow | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 6. april 1857 Ipswich |
Død |
13. desember 1922 (65 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, fotograf, lærar, grafikar |
Sjanger | landskapsmåleri |
Arthur Wesley Dow på Commons |
Dow var fødd i Ipswich i Massachusetts. Han arbeidde ved fleire av kunstutdanningsinstitusjonane i USA i tre tiår, blant anna Teachers College ved Columbia University, Arts Students League, Pratt Institute og hans eigen Ipswich Summer School of Art. Ideane hans var ganske revolusjonerande for tida; han meinte at ein heller enn å kopiera naturen skulle skapa kunst frå element som fargesetjing, linjer, masse og kontrastar. Han formulerte tankane sin i boka Composition: A Series of Exercises in Art Structure for the Use of Students and Teachers frå 1899. Dow utdanna fleire av dei fremste kunstnarane i landet, som Georgia O'Keeffe og Byrdcliffe Colony.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arthur Wesley Dow» frå Wikipedia på dansk, den 10. august 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Nancy E. Green, Jessie Poesch: Arthur Wesley Dow and American Arts and Crafts. The American Federation of Arts/Harry N. Abrams, 1999, ISBN 0-8109-4217-8 (engelsk)
- Arthur W. Dow, Frederick C. Moffatt, Marilee Boyd Meyer, Richard Boyle: Arthur Wesley Dow, 1857-1922: His Art and His Influence. Spanierman Gallery, 1999, ISBN 0-945936-24-9 (engelsk)
- Arthur Wesley Dow and American Arts & Crafts Arkivert 15. juni 2010 ved Wayback Machine., utstilling ved Georgia O'Keeffe Museum, 10. mars til 18. juni 2000. – Om utstillinga, ved Traditional Fine Arts Organization, Inc.
- Biografi Arkivert 15. januar 2009 ved Wayback Machine. hos Spanierman Gallery
- Verk av og om Arthur Wesley Dow i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket