Artur Schnabel
Artur Schnabel (17. april 1882–15. august 1951) var ein austerriksk pianist og komponist, særleg kjend for å spela pianoverka til Beethoven og Schubert.
Artur Schnabel | |||
| |||
Fødd | 17. april 1882 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bielsko-Biała, Lipnik | ||
Død | 15. august 1951 (69 år) | ||
Dødsstad | Morschach | ||
Opphav | Austerrike | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pianist, musikkpedagog | ||
Gift med | Therese Behr-Schnabel | ||
Born | Stefan Schnabel, Karl Ulrich Schnabel |
Biografi
endreArtur Schnabel vart fødd som yngste barnet i ein jødisk familie i Bielsko-Biała i Galizia i dåverande Austerrike-Ungarn. Staden er i dag ein del av Polen. I 1884 flytte familien til Wien, der Artur Schnabel fatta interesse for å spela piano frå han var fire år gamal. Allereie som seksåring fekk han timar av professor Hans Schmidt ved konservatoriet i Wien. 3 år seinare fekk han den polske pianisten Teodor Leszetycki til pianolærar. Han fekk pianoundervisning av Leszetycki frå 1891 til 1897. I tillegg studerte han komposisjon under Eusebius Mandyczewski.[1] Mandyczewski var ein kjenning av komponisten Johannes Brahms, og tok Artur Schnabel med på konsert med Brahms, noko som gjorde stort inntrykk på den unge Artur Schnabel.
Artur Schnabel konsertdebuterte i 1897 i Wien, og hadde konsertar i Budapest, Praha og Brno same året. Alle desse byane låg den gongen i keisardømet Austerrike-Ungarn. I 1898 flytte Schnabel til Berlin i Det tyske keisardømet. Her gifte han seg i 1905 med songaren Therese Behr-Schnabel (1876-1959), som han også hadde konsertar i lag med.[1] Artur Schnabel begynte no å bli kjend som konsertpianist, og reiste på turnéar i heile den vestlege verda. I byrjinga av 1900-talet skipa han Schnabel-trioen der han opptredde saman med ein cellist og ein fiolinist.
Frå 1925 underviste Artur Schnabel ved eit musikkakademi i byen. Då NSDAP kom til makta i 1933, valde Schnabel, som var jøde, å forlata Tyskland og reiste til England der han oppheldt seg ei stund. I 1939 reiste han til Sambandsstatane, der han tok ei undervisningsstilling i musikk ved University of Michigan. Etter at andre verdskrigen tok slutt i 1945 reiste han tilbake til Europa. Dei siste leveåra sine verka han som konsertpianist og komponist før han døydde i Schwyz i Sveits i 1951. Her ligg han òg gravlagd.
Arv
endreDei viktigaste komposisjonane til Schnabel omfattar 3 symfoniar, ein pianokonsert, fem strykekvartettar og nokre sonater og lieder.
Saman med Therese Behr-Schnabel fekk han sonen Karl Ulrich Schnabel (1909-2001), som vart ein kjend pianist. Ein annan son, Stefan Schnabel (1912-1999), vart skodespelar.
Therese, deres sønn Karl Ulrich, hans kone Helen, født Fogel (1911–1974), som var en pianist fra USA, og deres barnebarn Claude Alain Mottier (1972–2002), som også var pianist og var uskyldig i en trafikk ulykken døde, ble gravlagt i Schnabels grav. I 2006 erklærte Schwyz kommune familiegraven som et monument, noe som betyr at den er permanent beskyttet mot oppløsning.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Glock, William; Stephen Plaistow (17. februar 2018), «Schnabel, Artur», Grove Music Online
- ↑ «Where is the Schnabel Grave Site», Schnabel Music Foundation (på engelsk), henta 17. januar 2024
- Denne artikkelen byggjer på «Artur Schnabel» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2012.
- Denne artikkelen byggjer på «Artur Schnabel» frå Wikipedia på tysk, den 14. mars 2012.