Arve Berg

norsk politikar

Arve Berg (fødd 1. mai 1935) er ein tidlegare norsk politikar og industriarbeidar frå Skodje. Han representerte Arbeidarpartiet og Møre og RomsdalStortinget frå 1973 til 1989.

Arve Berg
Fødd1. mai 1935 (88 år)
Skodje
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Før han kom på Stortinget, hadde Berg gått folkehøgskule og teknisk fagskule 1952-54. Han var deretter tilsett hos skipsverftet A.M. Liaaen A/S i Ålesund, der han arbeidde som hjelpearbeidar til 1958, deretter som fagarbeidar og frå 1965 til 1973 som verkstadformann.

Berg var politisk aktiv frå 1960-talet. I tre valperiodar, frå 1963 til 1975, var han medlem av Ålesund bystyre, i den den siste fireårsperioden også av formannskapet. Hausten 1973 vart han vald til å representere Møre og Romsdal og Arbeidarpartiet på Stortinget, og vart attvald i både 1977, 1981 og 1985. På Tinget var han medlem av Industrikomitéen fram til 1981, frå 10. februar 1981 som formann i komiteen. Perioden 1981-85 var han medlem i Finanskomitéen og Valkomiteen, i den sistnemnde komiteen heldt han fram til 1989. I si siste stortingsperiode, 1985-89, var Berg ei tid nestleiar i Energi- og industrikomitéen og seinare medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen. Berg var elles 1977-81 visesekretær i Odelstinget, og 1981-85 visesekretær i Stortinget.

Etter sine år på Stortinget var Berg deretter distriktsarbeidssjef i Ålesund frå 1989 til 1998. Han var styreleiar i Oljedirektoratet frå 1989 til 1992 og medlem av bedriftsforsamlinga i Statoil frå 1992 til 1997.

Ei tid etter han vart pensjonist busette han seg i Skodje.

Kjelder endre