As-Suwayda (arabisk السويداء, as-Suwaydā’), òg skrive Sweida, er ein hovudsakleg drusarar-by sørvest i Syria, nær grensa til Jordan.

As-Suwayda
السويداء
by
Det romerske amfiteateret
Land  Syria
Guvernement As Suwayda guvernement
Distrikt As-Suwayda-distriktet
Koordinatar 32°42′N 36°34′E / 32.700°N 36.567°E / 32.700; 36.567
Folketal 73 641  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 16
Kart
As-Suwayda
32°42′00″N 36°34′00″E / 32.7°N 36.566666666667°E / 32.7; 36.566666666667
Wikimedia Commons: As-Suwayda

Han er hovudstaden i Muhafazat as-Suwayda', eit av dei 14 guvernementa i Syria, som grensar til Jordan i sør og Daraa guvernement i vest og Rif Dimashq i nord og aust.

Demografi endre

Innbyggjarar er hovudsakleg busett av drusarar med ein større gresk-ortodoks minoritet.

Innbyggjartalet i byen var 73 641 i 2004.

Historie endre

 
Hovudplassen i Sweida.

Byen vart grunnlagd av nabatearane som Suada. Han vart kjend som Dionysias (gresk Διονύσιας) i hellenistisk og romersk tid, etter vinguden Dionysus og byen ligg i eit område som i antikken var ein kjend vinregion.

Namnet Dionysias erstatta det første nabatear-namnet Suada i 149 evt. etter nabatearane flytta seg lenger sør, under helleniseringa av Koilesyria på den tida.

Dionysias var ein del av den romerske provinsen Arabia Petraea, og fekk rettar som civitas under regjeringstida til Commodus mellom 180–185.

Dionysus vart dyrka i dei same nabateiske templa som var tileigna Dushara. Denne praksisen med å dyrke både dei lokale og hellenske gudane var vanleg i det hellenistiske Syria.

Dette namnet vart hengande ved under Austromarriket, då byen var styrt av ghassanidar. Dionysias vart så eit bispesete i eit underbispedøme under Bosra. Han vart nemnt i Synecdemus av Hierocles. Etter den arabiske erobringa vart han eit bispesete.[2]

Yaqut al-Hamawi noterte i 1220-åra at As Suwaida var «ein landsby i provinsen Hauran».[3]

I nyare tid vart Dionysias først identifisert som Sweida av William Henry Waddington.

Arkeologi endre

Mange arkeologiske funn finst i den gamle delen av byen:

  • Dionysus-Dushara-tempelet: åtte rikt dekorerte søyler står framleis frå tempelet.
  • St. Sergius basilika: bygd på 400-talet evt. Han har bysantinske arkitekturelement, med eit kloster kring seg. Basilikaen var tileigna St. Sergius.
 
Bogen til den mindre kyrkja.
  • Bogen til den mindre kyrkja: sjølve kyrkja ligg i ruinar. Ein boge som framleis står vert lokalt kalla Al Mashnaqa, med dekorasjonar med druemotiv.
  • Amfiteateret: vart nyleg oppdaga, sør for agoraen.

Byen har mange gamle reservoar, tårn og gamle romerske hus som framleis er busett av lokale innbyggjarar.

Mange delar av gamlebyen er framleis ikkje grave ut, som den romerske akvedukten, eit kjegleforma reservoar og eit større romersk amfiteater.

Kjelder endre

  1. as-Suwayda folketal[daud lenkje]
  2. http://www.newadvent.org/cathen/05009a.htm Dionysias in the Catholic Encyclopedia.
  3. le Strange, 1890, s. 540