As-Suwayda guvernement

(Omdirigert frå As Suwayda guvernement)

As-Suwayda guvernement (arabisk السويداء‎, romanisert Muḥāfaẓat as-Suwaydā’ ) er det sørlegaste av dei fjorten guvernementa i Syria. Det har eit areal på 5 550 km² og dannar ein del av den historiske regionen Hawran. Hovudstaden og den største byen er as-Suwayda.

As-Suwayda
السويداء
guvernement
Land  Syria
Mintaqah 3
Hovudstad As-Suwayda
Areal 5 550,0 km²
Folketal 566 493 (2013)
Språk arabisk
ISO 3166-2 kode SY-SU
Kart
as-Suwayda guvernement
32°48′N 36°48′E / 32.8°N 36.8°E / 32.8; 36.8
Kart over Syria med As-Suwayda avmerkt.
Kart over Syria med As-Suwayda avmerkt.
Kart over Syria med As-Suwayda avmerkt.
Wikimedia Commons: As-Suwayda Governorate

Geografisk omfattar guvernementet nesten heile Jabal al-Druze, den austlege delen av Lejah, og ein del av den tørre, austlege steppa Harrat Ash Shamah.

Demografi og folkesetnad

endre

I 2013 hadde guvernementet ein folkesetnad på kring 566 000 innbyggjarar. Det er det einaste guvernementet i Syria som har ein drusar-majoritet.[1] Her bur òg ein større austleg-ortodoks minoritet, og eit lite muslimsk samfunn.

Dei fleste innbyggjarane bur vest i guvernementet, særleg vest i Jabal ad-Duruz. Berre dei nomadiske beduin-stammenen lever i det ufruktbare området i Harrat Ash Shamah.

Inndelingar

endre

Guvernementet er delt inn i 3 distrikt (manatiq):

Desse er vidare delt inn i ni underdistrikt (nawahi).

Byar og landsbyar

endre

Guvernementet inneheld tre byar, 124 landsbyar og 36 grender.[2]

Landsbyar

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: As-Suwayda guvernement