Asbjørn Andersen
Asbjørn Andersen (14. juli 1941–16. mars 1994) var ein norsk kontorarbeidar, byråkrat og politikar frå Holt i Aust-Agder som representerte Arbeidarpartiet og Aust-Agder på Stortinget 1985-89.
Asbjørn Andersen | |||
Fødd | 14. juli 1941 Holt kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 16. mars 1994 (52 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Andersen var son til ein sliperiarbeidar. Sjølv gjekk han handelsskule og tok examen artium. Der etter arbeidde han 1960-62 i industrien og var sjømann. Frå 1963 til 1970 var han tilsett ved Arendal kemnerkontor. Sidan 1971 arbeidde han som kommunekasserar i dåverande Tromøy kommune, siste åra også som økonomisjef i kommunen.
Valperioden 1964-67 var Andersen medlem i Arendal bystyre. Sidan, 1976-79, kom han med i det fyrste direktevalde fylkestinget i [[Aust-Agder], der han også fekk plass i fylkesutvalet.
Andersen var kandidat for Arbeidarpartiet i Aust-Agder ved alle fem stortingsvala i tida 1973 til 1989. Berre ved eitt av desse vala lukkast han få ein stortingsplass. Etter stortingsvalet 1985 tok han plass på Aust-Agderbenken og var medlem i [Forbrukar- og administrasjonskomiteen]] til 15. mai 1986. Då Gro Harlem Brundtland rykte inn på statsministerkontoret tidlegare i mai, flytta Arbeidarpartiet om på representantane i Tinget og Andersen hadde resten av perioden sete i Kommunal- og miljøvernkomiteen. Elles var Andersen vararepresentant til Stortinget i tre periodar. Han var i fleire år landsstyremedlem i Arbeidarpartiet.