Ashia Hansen, opphavleg Ashia Nana Koramdina, (fødd 5. desember 1971) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som i 2002 vart europameister i tresteghopp.

Ashia Hansen
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 5. desember 1971 (52 år)
Evansville
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 2002

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Aktiv endre

Hansen tok steget opp i verdseliten i tresteghopp i 1996-sesongen då ho med 14,49 meter enda på fjerdeplassen under OL i Atlanta. I 1997 vart ho nummer to i hall-VM med 14,70 m, bak russiske Inna Lasovskaja, og nummer fem med 14,49 m ved verdsmeisterskapen i Aten.

Våren 1998 hoppa Hansen 15,16 meter i hall-EM og sigra med ein margin på 40 centimeter til toaren i tevlinga, verdsmeister Šárka Kašpárková frå Tsjekkia. Også i hall-VM 1999 vann Hansen tresteghopp, då med 15,02 meter som best.

Etter å ha vorte nummer 11 i OL 2000 og nummer 7 i VM 2001, kom Hansen i 2002 tilbake i verdstoppen. Med 14,71 m tok ho andreplassen i hall-EM bakom Tereza Marinova frå Bulgaria. Deretter sigra Hansen i samveldeleikane 2002 med eit hopp på 14,86 meter, 4 centimeter lengre enn det Françoise Mbango Etone frå Kamerun oppnådde. Under europameisterskapen i München fekk Hansen hjelp av god medvind då ho landa på 15,00 m og sikra seg EM-gullet i sjette og siste omgang.

Ved hall-VM 2003 vann Hansen nok ein gullmedalje. Med 15,01 m slo ho Françoise Mbango Etone med 14 cm.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre