Aslak Nilsen

norsk politikar

Aslak Nilsen (8. desember 189826. september 1952) var ein norsk industriarbeidar og kontorist frå Kragerø, busett i Skien, som frå 1934 til 1945 representerte ArbeidarpartietStortinget.

Aslak Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. desember 1898
Kragerø kommune
Død

26. september 1952 (53 år)

Yrke politikar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Nilsen var son til ein arbeidar. Sjølv gjekk han middelskule og var frå 1914 til -16 mekanikarlærling på Kragerø Støperi og Mek. Verksted. Sidan arbeidde han ei tid på Union Co. påi Skotfoss og 1917-18 på Trosvik Verksted i Brevik. I 1918 fekk han han stilling som reparatør i AS Klosterfossen i Skien, ein arbeidsplass han hadde til desember 1945. Til sist var han kontorsjef i Telemark fylkesarbeidsnemnd.

I tida frå 1925 til 1945 var Nilsen bystyremedlem i Skien, lengste tida med plass i formannskapet. Stortingsperiodane 1934-36 og 1937-45 representerte han dei seks kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder på Stortinget, alle sesjonane medlem i Militærkomiteen. Frå 1928 til -36 var han elles styremedlem i Skien kraft- og lysverker, etter 1945 var han nestformann i selskapet.

Under den tyske okkupasjonen av Noreg var Nilsen medlem av det illegale faglige utvalet for Telemark fylke, det siste halve året som formann og såleis med i heimefrontleiinga i fylket.

Kjelder endre

Stortingsbiografi Arkivert 2017-12-29 ved Wayback Machine.