Asle Sjåstad (6. januar 193022. mai 2009) var ein norsk alpinist frå Hol i Buskerud, busett på Geilo og medlem av Geilo Idrettslag. I åra frå 1955 til 1960 vann han til saman åtte norske meisterskapstitlar i dei tre eldste alpingreinene. Han var morfar til skiskyttaren Vetle Sjåstad Christiansen og fristilsrennaren Tiril Sjåstad Christiansen.

Asle Sjåstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. januar 1930
Hol kommune
Død

22. mai 2009 (79 år)
Geilo

Yrke alpinist

Aktiv endre

Sjåstad markerte seg fyrste gongen då han på seinvinteren 1952 tok ein bronsemedalje i utfor under noregsmeisterskapen i Molde, med tida 1.49,0 var han 2,7 sekundar bak vinnaren Alf Opheim. To år seinare vann Sjåstad bronsen i alle tre NM-øvingane på Voss; slalåm, storslalåm og utfor, Stein Eriksen vart noregsmeister i dei to tekniske øvingane, Sigurd Rokne i utfor. Sjåstad deltok same sesongen i VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre, men hamna langt nede på resultatlistene.

Under alpint-NM 1955 på Oppdal vann Sjåstad sine to fyrste NM-gull, i høvesvis storslalåm og utfor viste han hardaste konkurrenten, Sigurd Rokne, til sølvplass. Vinteren 1956 deltok Sjåatsad for Noreg under vinterleikane i Cortina d'Ampezzo i alle tre enkeltrenna, der ein 14. plass i utfor vart han beste plassering. Til saman gav prestasjonane i enkeltrenna ein femteplass i kombinasjonen, ei øving som ikkje stod på OL-programmet, men vart rekna som VM-tevling. Seinare same vinteren tok han to sølvmedaljar og ein bronsemedalje då NM 1956 vart avvikla på Norefjell.

Noregmeisterskapen i alpine greiner 1957 var delt mellom Oslo og Voss. Sjåstad sigra i alle tre tevlingane, i slalåm og storslalåm med god margin, i utfor derimot med minst mogleg margin; 2.04,8 mot Petter Støle sine 2.04,9. I 1958-sesongen deltok Sjåstad i VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein, og enda enno ein gong langt ned på resultatlistene. Under NM 1958 i Oslo vann han derimot gull i utfor, sølv i slalåm og bronse i storslalåm.

I 1959 vart den alpine noregsmeisterskapen for fyrste gong avvikla i Nord-Noreg, med Narvik som arrangørstad. Her tok Sjåstad sitt fjerde og siste NM-gull i utfor, og fekk med seg ein sølvmedalje i storslalåm. OL-sesongen 1960, som vart hans siste sesong, vart Sjåstad noregsmeister for åttande gong då han vann storslalåm på Norefjell. Utforrennet vart avlyst.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar