Astrid Sverresdotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik (fødd 19. oktober 1977) er ei norsk målkvinne, avismedarbeidar og forfattar frå Lensvik i Agdenes kommune (no busett i Oslo). Ho var leiar i Norsk Målungdom 2000-2002. Frå 2021 er ho redaktør for tidsskriftet Syn og Segn.[1]

Astrid Sverresdotter Dypvik
Fødd19. oktober 1977
NasjonalitetNoreg
Yrkejournalist, lingvist, historikar
Alma materUniversitetet i Oslo
VervLeiar i Norsk Målungdom 2000-2002
FøregangarMagnus Bernhardsen
EtterfylgjarGudrun Kløve Juuhl

Under hennar leiartid arbeidde Norsk Målungdom særleg for å få dataprogram på nynorsk, og organiserte mellom anna (saman med Elevorganisasjonen) Elevstreik for nynorsk data 28. september 2000, der 30 000 elevar streika.

Dypvik har mastergrad i historie frå Universitetet i Oslo på ei oppgåve om Bund der Vertriebenen.[2] Ho har skrive to bøker om tysk etterkrigshistorie. I 2012 gav ho ut Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land som fortalde den 40-årige historia til DDR gjennom skjebnene til enkeltpersonar, både dei som tilhøyrde regimet og maktapparatet og dei som blei offer for det[3][4][5] Boka blei nominert til prisen beste sakprosabok for vaksne.[6] I 2017 gav ho ut Berlinhistorier : kald krig i den delte byen. Boka er sett saman av tolv personlege historier frå Berlin om menneske som på kvart sitt vis deltok i den kalde krigen frå opprettinga av DDR-staten i 1949 frem til Berlinmuren fall.[7][8]

Som journalist har ho mellom anna skrive for Morgenbladet, Klassekampen, Dag og Tid og Nationen. Ho har vore debatt-og kronikkredaktør i Klassekampen, og redaksjonsmedarbeidar i historietidsskriftet Fortid.[9]

BøkerEndra

  • 2012 – Det var DDR : Forteljingar om eit nedlagt land – sakprosa
  • 2017 – Berlinhistorier : kald krig i den delte byen

KjelderEndra

  1. Aarli-Grøndalen, Roger (9. september 2020). «Astrid Sverresdotter Dypvik er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn». journalisten.no (norsk). Henta 9. september 2020. 
  2. Astrid Sverresdotter Dypvik Ein posisjon bortanfor : Bund der Vertriebenen og diskusjonen om opprettinga av Zentrum gegen Vertreibungen 2002-2005 Masteroppgave i historie - Universitetet i Oslo, 2007
  3. nrk.no Gripende om DDR andmeldelse av boka Det var DDR skrevet av Knut Hoem 28.09.2012
  4. Dag og tid Glitrande om DDR Arkivert 31. januar 2016 på Wayback Machine. andmeldelse av boka Det var DDR skrevet av Pål H. Bakka 05.10.2012
  5. fortid.no Det var DDR Arkivert 27. juli 2014 på Wayback Machine. anmeldelse av Morten Haave 07.12.2013
  6. kritikerlaget.no Beste sakprosabok for voksne 2013
  7. Pedersen, Bernt Erik (28. februar 2017). «Anmeldelse: Skriver om Berlin i spionenes tid». dagsavisen.no (norsk). Henta 20. mai 2017. 
  8. Fjellro, Ragnhild (8. mars 2017). «Skjebner i Berlin». Forskerforum (norsk bokmål). Henta 20. mai 2017. 
  9. Fortid 2/07 Arkivert 6. mars 2009 på Wayback Machine.