Astrid Brekken
Astrid Oddrun Brekken (fødd 24. april 1943) er ein norsk sosiolog, journalist og sauebonde i Lesja. Ho er mest kjend som programleiar i NRK.
Astrid Brekken | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. april 1943 (81 år) Lesja |
Yrke | journalist, sosiolog, bonde, omsetjar, radioprogramleiar |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Brekken er utdanna cand.mag. ved Universitetet i Oslo og har dessutan hovudfag i sosiologi frå studium ved New York University (1969-71). Seinare studerte ho spansk og litteratur same stad (1995-96). Brekken verka ved distriktskontora i NRK (1963-68), men har frå 1971 vore tilsett i Opplysningsavdelinga og P2's faktaavdeling. Ho har vore programleiar i Sånn er livet (1984-), WOK og På livet laus, der ho blant anna portretterte Doris Lessing (2000).[1]
Astrid Brekken var med i etableringa av Nyfeministene (1970) og blant initiativtakarane til Sirene,[2] der ho verka frå 1973 til 1978. Brekken var redaktør for Syn og Segn frå 1980 til 1989. Ho har hatt faste spalter i tidsskrifta Norsk Landbruk og Bonde og småbrukar. Vidare har ho sete i Norsk språkråd og Alternativ Framtid, vore nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening, styremedlem i Forum for Systemdebatt og medlem i Rådet for Kvinneuniversitetet.
Utgjevingar
endre- Opinion-formation on the women's liberation movement : a study of the relative importance and effect of interpersonal and mass communication (hovedfagsoppgåve, utgitt 1972)
- Hvem snakker i NRK? (1974)
- Kvinnefrigjøring og lokalsamfunn (Populist-serien, 1976).
- Astrid Brekken og Solveig Bøhle, Å leve sammen (Aschehoug, 1976)
- Bente Clod, Brudd: Portrett av en utvikling (Tiden forlag, 1979). Omsetjing.
- Faith McNulty, Den brennende sengen (Tiden forlag, 1981). Omsetjing.
- Bente Clod, Syv sinn (Tiden forlag, 1982). Omsetjing.
- Barn og jobb. Hvordan klarer vi det? (Aschehoug, 1984). Red.
- Fra rødstrømper til silkehansker. Samtaler med norske kvinner (Cappelen, 1993).
- "Kvinnebønder" (Boksmia forlag 2013)
Utmerkingar
endre- Kringkastingsprisen 1991.
- Årets journalistpris fra Sekretariatet for kvinneforskning i Norges forskningsråd.
- Nynorsk journalistpris 2010.[3]
- Storegutprisen 2011[4]
Referansar
endre- ↑ Møte med Doris Lessing og omtale, bilete og artikkeloversikt frå NRK
- ↑ Sirenesang[daud lenkje] frå kampdagar.no
- ↑ Nynorsk journalistpris til Astrid Brekken[daud lenkje]
- ↑ LNK: Får Storeguten 2011 for god nynorskbruk, arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 8. august 2011
- Denne artikkelen bygger på «Astrid Brekken» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mai 2010.